Diabetes sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 12.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Diabetes sjukepleiar
Ønskjer du ein variert kvardag som diabetessjukepleiar?
Som diabetessjukepleiar hos oss får du ein variert kvardag mellom poliklinikk og sengepost. På poliklinikken jobbar du tett med pasientar som treng rettleiing, behandling og støtte knytt til diabetes. Du har samtalar med pasientar, gir undervisning og opplæring, følgjer opp behandling og bidreg til at pasientane får betre forståing av eigen sjukdom og meistring i kvardagen.
Hos oss vil du samarbeide tett med legar og andre faggrupper for å gi pasientane god og samanhengande behandling innan hematologi, endokrinologi, kreft og infeksjon. I tillegg er du med i dagbehandlinga, der vi gir infusjonsbehandling.
Kvar fjerde helg jobbar du på sengepost. Det gir deg innsikt i heile pasientforløpet og ein arbeidskvardag med både variasjon og breidde.
👉 Vil du bruke kompetansen din i eit sterkt fagmiljø og vere med å gjere ein forskjell for pasientane våre? Då håpar vi du søkjer.
Kva går jobben ut på?
- Polikliniske konsultasjoner for pasienter med diabetes
- Opplæring og veiledning til pasienter som har medisinsk teknisk utstyr
- Tilsyn av diabetespasienter på sengeposter
- Kurs og undervisning
- Assistere leger ved avdelingen
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleiar med videreutdanning innan diabetes.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som er:
- jobbar målretta og held framdrift i oppgåvene dine
- arbeider systematisk og har auge for detaljar når det trengst
- bidreg til godt samarbeid og trivst med å spele andre gode
- trivst med å jobbe sjølvstendig, men også samarbeider godt i team
- møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein hjelpsam og respektfull måte
Personlege egenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer poliklinikk og sengepost, og får følgje pasientar gjennom ulike delar av behandlingsforløpet. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø med legar, sjukepleiarar, merkantile medarbeidarar og fotterapeutar, der samarbeid og kunnskapsdeling er ein naturleg del av kvardagen.
Her får du bruke kompetansen din tett på pasientane, samtidig som du får høve til å utvikle deg vidare i eit fagmiljø med breidde, engasjement og høg kompetanse.
Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at kokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Diabetes
- Overvåking av pasienter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, diabetes, diabetessykepleier, poliklinikk, sengepost
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457293529
- Sist endret

