Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 06.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar – fast heiltid - vel avdeling
No har vi fleire faste sjukepleiarstillingar ved Haugesund sjukehus. Det beste? Du kan bli vurdert for fleire avdelingar med éin og same søknad.
Vel avdeling(ar) i søknaden: gastrokirurgi/urologi, nevrologi eller akuttpsykiatri – så tek vi det derfrå.
Her er ein kort smakebit på dei ulike avdelingane:
- Akuttpsykiatrisk post – Hos oss får du målretta opplæring, MAP i turnus og trening på reelle situasjonar gjennom simulering. Vi har fagdager, stort fokus på HMS og eit arbeidsmiljø der vi bryr oss om korleis du har det på jobb. Vi har eit ønskje om større kjønnsbalanse i arbeidsmiljøet vårt og oppmodar derfor særleg menn til å søkje.
- Gastrokirurgisk/urologisk sengepost – Hos oss blir du del av eit inkluderande og motivert team, med både planlagde og akutte innleggingar. Turnus kan tilpassast etter ønskje, og du kan òg få langvakter i helgene dersom du ønskjer det – i tillegg til fagleg påfyll med fagdager og simulering innan gastrokirurgi, urologi og kreft.
- Nevrologisk sengepost – Hos oss jobbar du tett på pasientar som treng både akutt behandling og tidleg rehabilitering. Du blir ein del av eit tverrfagleg team med flinke kollegaer og samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og logoped. Fagfeltet er spennande og i rask utvikling, og du får møte både akutt og kronisk sjuke pasientar i ein variert kvardag der vi ser heile mennesket.
Er du ny som sjukepleiar? Då oppfordrar vi deg til å søkje. Skriv i søknaden kva avdeling(ar) du ønskjer – så tek vi det derfrå.
👉 Trykk på søk-knappen – vi gler oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Observasjon, behandling, stell og pleie til pasientar.
- Utføre og vidareutvikle kliniske ferdigheiter.
- Administrasjon og oppfølging av legemiddel.
- Bruk og overvaking av medisinsk teknisk utstyr.
- Trygg og god oppfølging av pasientar.
- Jobbe i team med ulike faggrupper.
- Dele kunnskap og bidra til læring.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har eit godt lag med folk og er empatisk i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- likar å vere ein støttespelar for kollegaene dine
- er god til å sjå kva som må gjerast, du tilbyr hjelp og får gjerne hjelp
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Jo, fordi vi har:
- Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
- Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
- God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
- Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Bred klinisk erfaring
- Gjennomføre medisinsk behandlingsforløp
- Grunnleggende sykepleie
- Medisinsk utstyr
- Observere helsetjenestebrukere
- Overvåkingsutstyr
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 8
- Sted: 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, nevro, psykiatri, gastro, kirurgi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454573131
- Sist endret
