Konsulent
Helse Fonna HF
- Frist 06.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Bli vår nye konsulent på EPJ-senteret
Vil du bli ein del av vårt engasjerte team på EPJ-senteret?
EPJ-senteret held til på Berg-senteret på Raglamyr, som ein del av avdeling for Helsedata. Vi jobbar ut mot alle lokasjonane i Helse Fonna for å sikre heilskapen i arbeidsprosessar på tvers av systema våre. Senteret har eit fagleg ansvar for oppgåver knytt til bruk av elektronisk pasientjournal og tilhøyrande applikasjonar.
Mykje av arbeidet skjer regionalt med tett samarbeid med dei andre helseforetaka og private helseinstitusjonar i Helse Vest. EPJ-senteret er representert i mange ulike regionale prosjekt og grupper der løysingar blir diskutert på tvers av helseforetaka.
Noko reiseaktivitet må påreknast.
Vi har eit sterkt og inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på samhald og fagleg utvikling.
Vi har nå ei ledig stilling i avdelinga og vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til å søkje!
Kva går jobben ut på?
- Optimalisering og forvalting av kliniske fagsystem
- Systemansvar for pasientdatasystem som nyttast i Helse Fonna
- Prosjektdeltaking
- Brukarstøtte og undervisning
- Kvalitetsforbetringsarbeid
- Rapportering til styresmakter, eigar og leiing i føretaket
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Sjukapleiar eller anna relevant helsefagleg utdanning
- Erfaring frå arbeid i sjukehus og kompetanse på dei elektroniske pasientsystema som brukes i Helse Fonna er ønskeleg
- Ønskeleg med erfaring fra arbeid i psykisk helsevern og kompetanse på gjeldende regelverk for psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta
- Prosjekterfaring er ein fordel
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er ein strukturert, systematisk og ansvarsbevisst medarbeidar som kan løyse problemstillingar på eige initiativ
- har gode kommunikasjonseigenskapar, skriftleg og munnleg
- kan jobba sjølvstendig og i team og prioritere oppgåver etter behov
- set pris på å samarbeide med kollegaer
- er tydeleg og løysingsorientert
- er serviceinnstilt
- har evne å sjå heilskap i arbeidsprosessar på tvers av system
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Vi tilbyr
- Ein interessant og utviklande arbeidsplass som har tverrfagleg kompetanse og høge ambisjonar
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver
- Moglegheit for utvikling innan eit bredt spekter av teknologi og tenester
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
FerdigheterAI-generert
- Bruk av journalsystemet DIPS
- Erfaring med psykisk utviklingshemmede
- Grunnleggende sykepleie
- Medisinske elektroniske systemer
- Norsk
- Rapportering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
konsulent, helsedata, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455072942
- Sist endret
