Driftsansvarleg Teknisk avdeling
Seashore Land AS, avd. Trovåg
- Frist 19.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Driftsansvarleg Teknsisk avdeling
Vårt settefiskanlegg på Trovåg har i løpet av dei siste åra auka produksjonen ved hjelp av grøn, framtidsretta teknologi. Vi ser etter ein driftsansvarleg som trivst tett på produksjon, teknologi og folk – og som har lyst til å vere med og løfte oss vidare.
Om RollenSom Driftsansvarleg for teknisk avdeling har du hovudansvaret for at tekniske system, anlegg og utstyr går trygt, stabilt og effektivt.
Du vil blant anna:
- Sikre dagleg drift av teknisk avdeling
- Planleggje og følge opp førebyggande vedlikehald, reparasjonar og serviceavtalar
- Koordinere tekniske aktivitetar og personell med produksjon og andre fagområde
- Utarbeiding og revidering av internkontrollsystem vedr. teknisk drift av anlegg
- Leie og delta i ulike prosjekt, samt bidra i arbeid med kontinuerleg forbetring
- Journalføring og rapportering
- Budsjettansvar for teknisk avdeling, med fokus på å sikre ei forsvarleg og kostnadseffektiv drift
- Kontakt og oppfølging av servicepersonell og andre eksterne partar
- Følge opp HMS-krav, rutinar og dokumentasjon i teknisk avdeling, og sjå til at gjeldande HMS-reglar vert overheldt
- Personalansvar for dei tilsette på Teknisk avdeling
Du er praktisk, strukturert og med teknisk forståing - og når ting ikkje fungerer, vil du gjerne bidra til å finne løysinga.
Vi ser gjerne at du:
- Har minst 3–5 år erfaring frå teknisk drift, vedlikehald, industri eller liknande
- Har relevant fagbrev og/eller teknisk utdanning (lang relevant erfaring kan veie opp for manglande formell kompetanse)
- Har god teknisk forståing
- Trivst med å ta ansvar, prioritere og skape struktur i kvardagen
- Gode leiareigenskapar og interesse for folk
- Evne til å engasjere medarbeidarar, skape relasjonar og samarbeid
- Kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og avdelingar
- Sjølvstendig, målretta og strukturert, med god gjennomføringsevne
- Har fokus på HMS, kvalitet og trygg drift – og tør å stoppe ting når det trengst
- Kjennskap til verdikjeda er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode data ferdigheiter og evne til å setja seg inn i digitale system
Hos oss blir du del av ein solid og innovativ aktør, med klare ambisjonar for både kvalitet og utvikling.
Vi tilbyr:
- ei spennande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Ved spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Internkontroll
- Kontinuerlig forbedringsprosess (CIP)
- Prosjekteringsledelse
- Rapportering
- Reparasjon
- Servicearbeid
- Teknisk utdannelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.
- Sektor: Privat
- Sted: Trovågvegen 28, 5568 Vikebygd
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Teknisk personell, Teknisk service
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457544468
- Sist endret


