Barnevernleiar
Samnanger Kommune
- Frist 26.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å vidareutvikle barnevernet i ein kommune der samarbeid, førebygging og nærleik står i sentrum?
Samnanger kommune søkjer ein trygg og klok barnevernleiar som ønskjer å bidra til å vidareutvikle ei god barnevernsteneste og styrkje det førebyggjande arbeidet for barn, unge og familiar i kommunen. Barnevernstenesta er ein del av kommunen sitt arbeid med heilskaplege og førebyggjande tenester for innbyggjarane.
Samnanger er ein liten kommune med tett samarbeid mellom tenestene og korte beslutningslinjer. Kommunen har ein stabil økonomi og arbeider målretta for å utvikle gode og berekraftige tenester.
Stillinga har personalansvar for to medarbeidarar, og for rett kandidat kan det også vere aktuelt å få rolle som einingsleiar for livmestring.
Arbeidsoppgåver
Som barnevernleiar vil du ha ei sentral rolle i utviklinga av barnevernstenesta i kommunen. Du vil arbeide både strategisk og operativt, og bidra til tett samarbeid med andre tenester.
Sentrale oppgåver vil vere:
- fagleg og administrativ leiing av barnevernstenesta
- sikre forsvarleg sakshandsaming frå melding til ettervern
- vidareutvikle førebyggjande arbeid og tidleg innsats
- bidra til godt tverrfagleg samarbeid, mellom anna gjennom BTI-arbeidet
- sikre god internkontroll og kvalitet i tenestene
- økonomioppfølging og ressursstyring
- bidra aktivt i kommunen sitt leiarsamarbeid
- delta i utviklingsarbeid og bidra til heilskaplege tenester for barn og familiar
Som leiar i ei lita teneste vil du òg vere tett på det daglege arbeidet. Du må rekne med å bidra i sakshandsaming, faglege vurderingar og oppfølging av saker ved behov. Du vil vere ein sentral støtte i krevjande og akutte situasjonar, og må kunne kombinere leiarrolla med barnevernsfagleg arbeid.
Stillinga krev evne til å handtere både kvardagslege oppgåver og meir krevjande saker som kan oppstå akutt.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein kandidat med:
- høgare utdanning innan relevant fagområde
- god forståing for barnevernsfagleg arbeid
- erfaring frå barnevern eller nærliggande fagfelt
- god forståing for økonomi, styring og internkontroll
- erfaring frå samarbeid på tvers av tenester er ein fordel
Leiarerfaring er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
For å lukkast i rolla må du vere:
- ein trygg og tydeleg leiar
- god til å samarbeide og byggje gode relasjonar
- strukturert og ha god gjennomføringsevne
- i stand til å sjå både heilskap og detaljar
- robust og stødig i krevjande situasjonar
- lyttande, reflektert og løysingsorientert
Vi tilbyr
- ei viktig og meiningsfull leiarstilling
- høve til å påverke og vidareutvikle barnevernstenesta
- eit godt fagmiljø og tett samarbeid på tvers av tenester
- stor grad av sjølvstende og tillit i rolla
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
I ein liten kommune får du også høve til å arbeide tett på både tenester, innbyggjarar og beslutningstakarar.
Anna informasjon
Stillinga er plassert i kommunehuset i Samnanger.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover og avtaleverk.
Offentleg søkjarliste vil bli gjort tilgjengeleg i samsvar med offentleglova.
Ta gjerne kontakt med vår samarbeidspartnar innan rekruttering, Garuda, for meir informasjon.
FerdigheterAI-generert
- Administrere ressurser
- Forbedre og utvikle tjenestene
- Internkontroll
- Ledelse av administrative aktiviteter
- Økonomiske og administrative fag (AMO)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Samnanger kommune ligg vakkert til mellom fjord og fjell, berre 45 minutt frå Bergen. Her finn du gode moglegheiter for friluftsliv året rundt - frå fjellturar i urørt natur til båtliv og fiske i Samnangerfjorden og idylliske fjellvatn.
Med om lag 2 500 innbyggjarar er Samnanger ein liten, oversiktleg og inkluderande kommune med korte avstandar og nærleik til tenestene. Her finn du moderne skule og sjukeheim, gode idrettsanlegg og eit aktivt frivilligliv. I Samnanger er det rom for både utvikling, samarbeid og gode kvardagar.
Velkommen til Samnanger Kommune; eit sentralt knutepunkt i Hordaland med kort veg til Bergen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tyssevegen 217, 5650 Tysse
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
Økonomi, Ledelse, Forebygging, Barnevernsfag
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456949176
- Sist endret

