Ergoterapeut
Bykle
- Frist 05.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Ergoterapeut
Vi søkjer ein engasjert ergoterapeut til 100 % fast stilling i kommunen si fysio-/ergoavdeling. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å bruke og utvikle din ergoterapifaglege kompetanse i utviklinga av ei teneste med fokus på aktivitet, deltaking og meistring, med mål om å fremje livskvalitet og sjølvstende hos innbyggjarane i kommunen.
Stillinga som ergoterapeut er eit viktig ledd i å etablere og vidareutvikle framtidas helse- og omsorgstenester. Som tilsett vil du få ein variert arbeidshverdag med både praktisk og fagleg arbeid, der du jobbar tett på innbyggjarar i alle aldrar og samarbeider i tverrfagleg team. Hovuddelen av brukargruppa bur heime, og arbeidet består mellom anna av kartlegging av aktivitet, funksjon og omgivnader, samt iverksetjing av målretta og kunnskapsbaserte tiltak. Arbeidsoppgåvene blir løyste både sjølvstendig og i tverrfagleg samarbeid. Du bør vere oppteken av å bidra til auka helsekompetanse, ressursmobilisering og sjølvstende i møte med innbyggjarane, samt å utvikle heilskaplege og koordinerte forløp.
I Bykle og Valle kommune har du stor moglegheit til å setje ditt faglege særpreg på tenesta. Det er rom for å utvikle tilbodet, til dømes i retning kartlegging av dysfagi eller kognitiv funksjon, gruppetrening og skrivedans.
Du blir kommunane sin einaste ergoterapeut – men er samorganisert med fysioterapeutane som avdeling og vil ha eit tett fagleg samarbeid med dei andre tenestene. Du et lunsj saman med tilsette på legekontoret og helsestasjonen, eller på heimen.
Arbeidsoppgaver
- Forebygjande og rehabiliterande tiltak overfor brukarar i alle aldre som har eller kan få vanskar med daglege aktivitetar, både i eigen heim og på institusjon
- Tverrfagleg og sjølvstendig kartleggjing av brukarane sine ressursar og funksjonsnivå
- Funksjonstrening og rettleiing til sjølvtrening og eigenaktivitet
- Tryggje brukarane i eigen heim og bistå i tilretteleggjing av bustad
- Rettleiing og opplæring av tilsette, t.d. i heimesjukepleien
- Tverrfagleg samarbeid i tett kontakt med kommunens øvrige tenesteapparat
- Kontakt med hjelpemiddelsentralen og hovudansvar for oppfølgjing, opplæring og tilpasning av hjelpemiddel til kommunen sine brukarar
- Fagutvikling og tenesteutvikling med målsetting om høg kvalitet og effektivitet (kunnskapsbasert praksis)
Kvalifikasjoner
- Autorisert ergoterapeut
- Erfaring frå kvardagsrehabilitering og kompetanse innan kunnskapsbasert praksis vil være en fordel
- Erfaring frå arbeid med menneske i alle aldrar, i ulike livsfasar og med ulike typer funksjonssvikt
- Førarkort B, og må kunne disponere eigen bil i teneste
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Det blir lagt vekt på personleg eignaheit.
Krav om politiattest ved tilsetting.
Personlige egenskaper
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til samarbeid og aktivt bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Fleksibel og oppteken av kvalitetsforbetring og ein kunnskapsbasert praksis
- Evne å arbeide systematisk og strukturert, både sjølvstendig og i team
Vi har eit godt arbeidsmiljø som er prega av tillit, openheit og samarbeid. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå i helsetenesta
- Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleiligheit i Kristiansand
- Flotte naturopplevingar heile året for store og små
- Løn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Ergoterapi
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sarvsvegen 31, 4754 Bykle
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ergoterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
Nøkkelord
tilrettelegging, hjelpemidler, opptrening, utvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456061914
- Sist endret

