Ergoterapeut - 100 % engasjement
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
- Frist 12.04.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Ergoterapeut - 100 % engasjement
Vi i ergo- og fysioterapitenesta ønskjer deg som likar varierte arbeidsoppgåver og spennande utfordringar!
Vi har ledig ei engasjementstilling i 100 % frå snarast 30.06.2027.
Stillinga er organisert under Avdeling for helsefremming og rehabilitering, som består av ergo- og fysioterapitenesta, hjelpemiddel- og servicemedarbeidar, bassengansvarleg, kartleggings- og kvardagsrehabiliteringsteam totalt 23 tilsette. Dette er ein fantastisk gjeng å jobbe saman med! Stillinga du søkjer vil vere lokalisert på vestsida av Bjørnafjorden, med kontor på Luranetunet bu- og behandlingssenter, saman med 5 fysioterapeutar og 5 ergoterapeutar. Det er òg tett samarbeid med de andre tenestene både innan og utanfor avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Som ergoterapeut skal du bidra til å fremje aktivitet, deltaking og meistring for våre brukarar, slik at dei kan meistre si livssituasjon på best mogleg måte. Du vil hovudsakeleg arbeide med vaksne og eldre brukarar. Stillinga inneber blant anna tett samarbeid med brukar, pårørande, fysioterapeutar, heimesjukepleia på Os, ressursstilling innan demens og sjukeheimen.
Vi ønskjer oss ein kollega med stort engasjement for innbyggjarane i Bjørnafjorden kommune, og som har lyst til å vere med å utvikle faget vidare. Du må vere fleksibel, kreativ og løysingsorientert, og trivast med å arbeide både sjølvstendig og i team.
Kvalifikasjonar
- Autorisert ergoterapeut
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Det er ønskjeleg med erfaring frå kommunehelsetenesta
- Det er ønskjeleg med erfaring med arbeid med vaksne og eldre
- Gode digitale ferdigheiter
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- Gode relasjonelle ferdigheiter i møte med born, vaksne og eldre
- God arbeidskapasitet og interesse for fagleg utvikling
- Engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å strukturere og planleggje arbeidskvardagen på ein effektiv måte
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit godt og engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer
- Spennande, varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Eit trygt, inkluderande og positivt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Holen 1, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ergoterapeut
Nøkkelord
Ergoterapeut, Helse, Hjemmesykepleie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455197145
- Sist endret



