Sjukepleiar
Bykle
- Frist 07.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar
Sjukepleiar med hjartet på rett stad? Vi vil ha deg med på laget!
Bykle kommune treng sjukepleiarar som vil vere med og vidareutvikle ei framtidsretta pleie- og omsorgsteneste. Vi har no ei ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Du jobbar i årsturnus med dag-, kveld- og nattevakter, og har per no arbeid kvar tredje helg.
I Bykle jobbar vi etter prinsippa i reforma «Bu trygt heime». Vi vil at alle som treng helsehjelp skal få gode, trygge og tilpassa tenester. Difor jobbar vi aktivt med kartlegging, behandling, ernæring, fysisk aktivitet og miljøterapeutiske tiltak.
Bykle sjukeheim har 15 plassar fordelt på to avdelingar: ei avdeling for personar med demens, og ei avdeling med langtidsplassar, korttidsplassar, avlasting og øyeblikkeleg hjelp. Vi er ein liten arbeidsplass med tett samarbeid, godt arbeidsmiljø og kort veg frå idé til handling. Hos oss blir du sett og godt ivareteken.
Vi ser etter deg som vil bidra til eit trygt, varmt og profesjonelt tilbod for bebuarane våre – og som har lyst til å vere ein del av eit fagmiljø i utvikling.
Arbeidsoppgaver
- Sjukepleiarfaglege oppgåver knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak
- Pasientnært arbeid i somatisk avdeling og på avdeling tilrettelagt for personar med demens
- Primærsjukepleie
- Ivareta oppgåver og prosedyrer knytt til stillinga som sjukepleiar
- Aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester
- Ivareta sjukepleiarfagleg ansvar på vakt
- Rettleiing og opplæring av anna personale, studentar og pasient/pårørende
- Samarbeide med tilsynslege, vaktlege, sjukehus og anna tverrfaglig samarbeid
- Samarbeid med brukar og pårørande
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Halde deg faglig oppdatert og bidra til fagleg utvikling
Kvalifikasjoner
- Autorisasjon som sjukepleiar
- God evne til sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid
- Beherske dei vanligaste digitale fagsystem og IKT-verktøya
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
Personlige egenskaper
- Kompetent, open, påliteleg og engasjert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Bidra til å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for pasient og brukar
- Du må vere strukturert og løysingsorientert
- Ha interesse og gjerne erfaring frå eldreomsorgen
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
Personlege eigenskaper vektlegges ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Fagleg utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- God pensjons- og forsikringsordning
- Konkuransedyktig løn
- Årsturnus med moglegheit for långvakter
- Kommunen har flyttegodtgjersle
- Gode treningsmoglegheitar, ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluftsliv heile året
- Bedriftsleilighet i Kristiansand i tillegg til sjøbod på sommaren
Alle med studiegjeld som bur i Bykle kommune kan få sletta 25.000 kr. i året frå januar 2026. Kravet er at ein har vore folkeregistrert i kommunen i minst eitt år, og har vore yrkesaktiv minst like lenge.
Det er krav om politiattest ved tilsetting.
Andre opplysningar
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert tilintervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2%pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifisert til å søkje hos oss.Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit,men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil dubli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
FerdigheterAI-generert
- Bruke IKT-ressurser til å løse arbeidsrelaterte oppgaver
- Demensomsorg
- Pleie og omsorgsarbeid
- Primærhelsetjeneste
- Sykepleie- og omsorgsaktiviteter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, Institusjon, Kommunehelsetjenesten, Eldreomsorg, Sjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455812592
- Sist endret
