Fagkokk/kokk
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 25.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagkokk/kokk
Vi søkjer etter ein fagkokk/kokk med funksjon som driftskoordinator til kafeen vår.
Kafeen har blitt ein attraktiv møteplass, og vi ønskjer ein person som kan ivareta og vidareutvikle tilbodet. Kafeen er open kvar dag heile året, også i helger og høgtider.
Vi tilbyr eit breitt utval av både varm og kald mat, salatbuffet, drikke, kioskvarer, vekeblad og gåveartiklar. Vi driv òg ein ubetent kiosk med smart vareskap med ulike typar drikke, mat og kioskvarer. I tillegg drifter vi ein Espresso House-baristastasjon.
Vi søkjer no etter ein kokk med fagbrev, og/eller søkjarar med relevant erfaring frå kafe, kantine, hotell eller restaurant, som kan gå inn i funksjon som driftskoordinator. Vi har ledig ei 100 % fast stilling, med oppstart snarast, eller etter avtale med seksjonsleiar.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for drift av kafé og ubetent kiosk
- Bestille mat og drikke fra produksjonskjøkkenet
- Tilberedning og servering av mat og drikke
- Aktiv bruk av seksjonen sitt kvalitetssystem
- Bruk av seksjonen sine digitale verktøy
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med fagbrev
- Relevant erfaring kan kompensere for fagbrev
- Ønskeleg med erfaring fra kafé, kantine, hotell eller restaurant
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- God evne til teamarbeid – men arbeider òg godt sjølvstendig
- Du er serviceinnstilt
- Gode kommunikasjonsevner i møte med kundar
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Positiv til endringar og liker utfordringar
- Du trivs i eit aktivt og travelt miljø
- Inititativrik
- Kreativ og berekraftig bruk av råvarer
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Restaurant (matlaging)
- Tilberede og servere mat
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider, Kokk, Mat og servering
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455778045
- Sist endret



