Sjukepleiar
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 20.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar
Vi har opna Barnesengepost på SNR Hjelset og har behov for fleire tilsette.
Vi søkjer etter ny sjukepleiar som har interesse, kompetanse og engasjement for å arbeide med den «nye» generasjonen, og som vil vidareutvikle seksjonen vår. Vi skal ta imot barn og unge frå 0–18 år innan barnemedisin, kirurgi/ortopedi, ØNH og auge.
Vi har ledig 1x100% fast stilling i sengeposten fra og med 7.april 2026
Andre stillingsbrøkar kan verte ledige ved intern omrokkering.
Vi vil gjere vårt beste for at du skal trivast og håper at du vil vere med oss i Norges mest moderne sjukehus på Hjelset.
Vi ønskjer søkjarar både frå Nordmøre og Romsdal. Er du usikker eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med meg!
Du er velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleieoppgåver til dei unge og håpefulle
- Opplæring og rettleiing til pasientane og deira pårørande
- Samarbeid med dyktige kollegaer frå ulike fagmiljø
- Handtering av medikament og god dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vi håper at du har erfaring frå pasientgruppa
- Det er ein fordel om du har god IT-kompetanse
- For arbeid med denne pasientgruppa må det framleggast politiattest
Personlege eigenskapar
- Ein kreativ og tålmodig lagspelar
- Spesiell interesse for barn og unge
- Du er dyktig til å kommunisere med pasientane
- Vi ser etter ein kandidat som er godt egna til pasientgruppa
Personlege eigenskapar og eignaheit vil verte vektlagd ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, SNR, Barneavdeling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454063314
- Sist endret


