Pedagogisk leder
Sørstrand maritime FUS barnehage as
- Frist 02.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bruke din fagkompetanse til å gi barn en god start på livet? Vi søker Pedagogisk leiar i 100% fast!
Vi ser etter ein engasjert pedagogisk leiar i 100 % fast stilling til barnehagen vår med oppstart 1.juni 2026, men vi er fleksible med tanke på seinare oppstart for rett kanidat. Her får du bruke fagkunnskapen din kvar dag, saman med kollegaer som brenn for leik, relasjonar og barn sin nysgjerrigheit.
Hos oss får du vere både fagperson, leiar, medforskar – og av og til utkledd som superhelt på temadagar.
Om ossVi er ein privat barnehageaktør innan tidleg barndomsutdanning og omsorg, med høg fagleg standard og varme i veggane. Vi ligger eit steinkast unna Sørstrand, og nyttar oss av nærområdet fleire dager i veka. Vi setter barns leik høgt, og prioriterer leiken i kvardagen. Leiken, saman med vårt maritime fokus, gjer barnehagen vår unik, og det er vi stolt av!
- Vi jobbar systematisk med pedagogisk utvikling og refleksjon i kvardagen
- Vi har eit inkluderande, leikbasert og naturorientert læringsmiljø
- Vi samarbeider på tvers av fagområde og deltek i nasjonale og internasjonale nettverk
- Vi verdset humor, openheit, respekt og psykologisk tryggleik – for både små og store
Som pedagogisk leiar har du hovudansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tett samarbeid med det andre personalet.
- Lede og utvikle det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplan og barnehagen sine mål
- Skape trygge, varme og inkluderande relasjonar til barn og føresette
- Planleggje, gjennomføre og evaluere leik, prosjekt og aktivitetar – gjerne ute i naturen
- Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar på avdelinga
- Bidra aktivt i faglege møteplassar, nettverk og utviklingsarbeid
- Sikre godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
Vi er oppekne av både formell kompetanse og personleg engasjement.
- Godkjend barnehagelærarutdanning / førskulelærar (eller tilsvarande godkjend utdanning)
- Gjerne minst 1–2 års erfaring frå barnehage, men nyutdanna er òg velkomne
- Fagleg trygg, oppdatert på rammeplan og glad i å bruke teori i praksis
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Evne til å leie, inspirere og skape gode team rundt barna
Her får du meir enn berre ein jobb – du får ein kvardag full av meistring, læring og latter.
- Ordna arbeidsforhold med konkurransedyktig lønn og gode pensjonsordningar
- Systematisk rettleiing, særleg for nyutdanna, og interne kurs og faglege nettverk
- Tilgang til eit stort nasjonalt fagmiljø og breitt samarbeid på tvers av barnehagar
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og vidare karriere
- Inkluderande, støttande og raust arbeidsmiljø med rom for både profesjonalitet og autentisitet
- Eigne arbeidsklede – så du slepp å ofre dine beste tskjorter til finger-måling og sølekaker
Høyrest dette ut som ein stad der du kunne trivst, utvikla deg og betydd noko for barn sin kvardag? Søknad vert sendt via vårt elektroniske søknadssystem. Vi vurderer søknader fortløpande.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn.
FerdigheterAI-generert
- Småbarnsopplæring
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: Sørstrandveien 18, 6900 Florø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Pedagogisk leder, Pedagogisk leiar, Barnehage
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453711813
- Sist endret



