
Banksjef
Sparebanken Norge
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du leiaren som vil byggje Noregs beste sparebank – lokalt i Førde?
Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du vil derfor ha stor påverknadskraft hos oss.
Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss – og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!
Om kontoret og laget
I Førde er vi eit engasjert og kompetent lag som jobbar tett saman for å skape gode kundeopplevingar og vidare utvikling i regionen. Vi har ei sterk lokal forankring i Sunnfjord og er stolte av rolla vi spelar – både for kundane våre og for lokalsamfunnet.
Privatmarknadsteamet består av dyktige rådgjevarar med høg fagkompetanse og eit sterkt engasjement for kundane sine. Her deler vi kunnskap, heiar på kvarandre og jobbar strukturert mot felles mål. Som leiar blir du ein viktig kulturberar og pådrivar – både for fagleg utvikling, resultat og lagkjensle.
Kva går jobben ut på?
Som banksjef og leiar for privatmarknad i Førde får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av satsinga vår i Sunnfjord. Du har ansvar for å leie og utvikle vårt dyktige team, styrke marknadsposisjonen vår og sikre gode og heilskaplege kundeopplevingar. Du vil mellom anna:
- leie og vidareutvikle privatmarknadssatsinga i Sunnfjord
- ha personalansvar og utvikle rådgjevarane både fagleg og kommersielt
- sikre høg kundetilfredsheit gjennom tett oppfølging og kvalitet i rådgjevinga
- identifisere og realisere vekstmoglegheiter i marknaden
- vere ein synleg og relasjonsbyggjande representant for banken i regionen
Rolla kombinerer strategisk arbeid med operativ leiing, og du vil samarbeide tett med kollegaer på tvers av fagområde og nivå i banken. Du rapporterer til konserndirektør Privatmarknad Nord.
Kven er du?
Vi ser etter ein relasjonssterk og tillitsskapande leiar som trivst med å skape resultat gjennom andre. Du har solid erfaring frå bank, finans eller tilsvarande bransje, og god forståing for privatmarknaden – både fagleg og kommersielt. Vi trur du vil trivast og lukkast hos oss dersom du:
- trivst med å leie og utvikle menneske
- evnar å omsetje strategi til konkret handling
- byggjer gode relasjonar – både internt og ute i marknaden
- skapar struktur, retning og framdrift
Du har gjerne erfaring med kreditt og risikovurdering, og evnar å kombinere analytisk styrke med god forretningsforståing. Som person er du engasjert, tydeleg og trygg i leiarrolla – og du motiverast av å skape vekst og utvikling i lag med andre.
Kva får du hos oss?
Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast – både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet.
Vi gir deg ein trygg og effektiv start gjennom vårt onboarding-program Sterk Start, og vidare utviklingsmoglegheiter gjennom interne satsingar som talentutvikling og fagspesialisering.
Du blir ein del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle – og du får fridom til å påverke både din eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken.
I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje berre ein bank – vi byggjer eit lag. No byggjer vi det også i Førde. Vil du bli med?
Klar for å bli med på laget?
Vi gler oss til å høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med konserndirektør Privatmarknad Nord, Olav Hovland, for ein hyggeleg og uforpliktande prat.
Søknadsfrist: 01.mars. Søknader blir vurderte fortløpande.
FerdigheterAI-generert
- Lånevurdering
- Risikovurdering (forsikring)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Storehagen 3, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
lederstilling, økonomi, bank, finans, personalansvar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451015628
- Sist endret
