Rådgivar/seniorrådgivar
Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frist 18.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Jurist (vikariat) – tilsyn med ulovlege pengespel
Vil du bruke jussen til å bidra til at færrast mogleg får speleproblem? No ser vi etter ein jurist til pengespelavdelinga til Lotteritilsynet.
Kven er vi? Lotteritilsynet fører tilsyn og kontroll med både den lovlege og ulovlege pengespelmarknaden. I Noreg er det i hovudsak Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har lov til å tilby og marknadsføre pengespel.
Å avdekke og reagere mot ulovlege pengespel og ulovleg marknadsføring er avgjerande for å nå målet om eit trygt og ansvarleg pengespeltilbod.
No har vi ledig eit vikariat som jurist i pengespelavdelinga, i laget som jobbar mot den ulovlege marknaden. Stillinga kan vere aktuell både som første juristjobb og for deg som har erfaring frå offentleg forvaltning eller tilsyn.
Kva går jobben ut på?
Du vil jobbe med tilsyn med ulovlege pengespel, særleg på nett.
Arbeidet omfattar både tilsyn med sjølve spela, marknadsføringa av dei og stans av pengeoverføringar til og frå utanlandske spelelskap. Aktørane du vil ha kontakt med er mellom anna spelselskap, influensarar, internettleverandørar, bankar og finansinstitusjonar.
Hos oss får du bruke jussen i praksis – og sjå konkrete resultat av arbeidet ditt.
Kva skal du jobbe med?
Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:
- å utarbeide informasjonsbrev om regelverket til ulike aktørar, for eksempel influensarar
- å svare på spørsmål om regelverket, skriftleg og på telefon, til dømes frå spelarar
- saksbehandling og reaksjonar, mellom anna vedtak med pålegg om retting og stans av ulovlege tilbod og marknadsføring, i kombinasjon med tvangsmulkt
- arbeid med DNS-blokkering av ulovlege pengespelnettstader
- klagesaksbehandling
- samarbeid med andre etatar om forbrukarvern på spelfeltet
Arbeidsoppgåver og ansvar vil bli tilpassa kompetansen og erfaringa di.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har master i rettsvitskap. Stillinga kan vere aktuell både for nyutdanna juristar og for deg som har noko erfaring.
Har du erfaring frå offentleg forvaltning eller tilsyn, er det ein fordel. Samtidig oppmodar vi også nyutdanna til å søke. For deg som er ny i arbeidslivet, vil vi legge til rette for god opplæring og tett samarbeid i laget.
For å trivast og lykkast i rolla er det viktig at du:
- arbeider strukturert og sjølvstendig
- samarbeider godt med andre
- har god munnleg og skriftleg formidlingsevne
Du må rekne med noko reising i samband med jobben.
Kva tilbyr vi?
Her får du rammer som sikrar ein god balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.
Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimefrå og å møtast på kontoret. Det legg vi sjølvsagt til rette for.
I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre.
Vi har kantineordning, gratis parkering i parkeringskjellar, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter.
Verd å merke seg
Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det.
FerdigheterAI-generert
- Forskrifter
- Juridisk kompetanse
- Juss
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Saksbehandle søknader
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
jurist, saksbehandling, regelverk, juridiske problemstillinger, Førde
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450461727
- Sist endret
