
Miljøterapeut
Bufetat
- Frist 09.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut
Me søkjer deg som er ein trygg, tydeleg, omsorgsfull, raus og tillitsvekkjande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med- og for ungdom og barn.
Nord-Jæren barne- og ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon som ligg i Sandnes og Stavanger kommune. Senteret har fire avdelingar. Tre av avdelingane er omsorgsinstitusjonar for ungdom, medan éi avdeling er for barn. Alle avdelingane har plass til fire barn eller ungdommar. I Sandnes ligg Minde 1 og Minde 2, og dei held til i eit triveleg nabolag.
Ved Minde 2 er det ledig ei 100 % fast stilling som miljøterapeut. Stillinga har turnus med lange vakter, med fleire 10–16-timars vakter i løpet av arbeidsveka. Tiltreding etter avtale.
Det kan bli ledig fleire vikariat ved eininga i heil eller deltidsstilling. Dei som også er interessert i vikariat, bes om å opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta ungdomane med god omsorg og trygge rammar gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Delta på ulike interne møte som overlapping mellom vaktlaga.
- Skriftleg dokumentasjon i samband med dagleg loggføring i Birk og anna skriftleg dokumentasjon.
- Noko kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
- Daglege oppgåver på avdelinga.
- Hovudkontaktansvar for ungdomane.
- Følgje opp ungdommane og ta dei med på aktivitetar og gje dei gode opplevingar.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) bachelor tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan lærer,sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
Me ser etter deg som
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Er sjølvstendig i skriftleg arbeid og har god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Har god fysisk og psykisk helse.
- Har førarkort for personbil kl. B.
Det er ønskeleg med
- Erfaring frå fagfeltet, miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring.
- Du er engasjert, og har evne til å motivere andre.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivast med utfordringar, og tålar hektiske og spanande kvardagar.
- Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 540 000 - 670 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 548 500 - 670 000 pr. år .
- Ved tilsetjing utan 3-årig høgskuleutdanning kan følgjande stillingskodar vere aktuelle: 1486 miljøarbeidar, p.t.kr 420 000 - 520 000, 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 434 500 - 540 000 eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 - 560 000.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Du vert del av ei engasjert, stabil og fagleg dyktig personalgruppe som tek vare på kvarandre.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sandnes ungdomssenter, avdeling Minde 2.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Mindeveien 8A, 4327 Sandnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnevern, Institusjon, Turnus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447542741
- Sist endret
