
Miljøterapeut 100% 2 vikariat
Bufetat
- Frist 01.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Miljøterapeutar 2 vikariat i 100%
Miljøterapi i akuttinstitusjon – ei meiningsfull og utfordrande rolle
Har du stort engasjement og eit hjarte som bankar for ungdom?
Vil du gjere ein forskjell når det gjeld som mest?
Da kan dette vere jobben for deg!
Bli med på laget – vi søkjer engasjerte miljøterapeutar!
Ved Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg, vert det med dette lyst ut to vikariat i 100 % stilling som miljøterapeut. Begge vikariata har oppstart 1. mars 2026. Ett vikariat med 1 års varighet og ett vikariat med med varighet fra 6-12 måneder. Begge med moglegheit for forlenging.
Er du klar for ein krevjande, men meiningsfull jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell?
Når ein ungdom kjem til oss, står dei ofte i ein kritisk fase av livet der dei treng beskyttelse eller støtte for å unngå alvorleg skjevutvikling.Nokre har opplevd omsorgssvikt, medan andre strevar med rus, kriminalitet eller psykiske helseutfordringar. Mange har erfaring med traume, vald og normlaus åtferd.
Vår jobb er å skape stabilitet, tryggleik og føreseieleg. Som miljøterapeut i ein akuttinstitusjon må du vere robust og fagleg trygg. Kvardagen kan innebere handtering av truslar, utagering og sjølvskading, men òg moglegheit til å byggje relasjonar og skape små, men viktige endringar for ungdomane. Vi arbeider målretta for å førebyggje skjevutvikling – og du kan bli ein del av dette viktige arbeidet! Som miljøterapeut hos oss får du ei sentral rolle i å byggje eit trygt og føreseieleg miljø for ungdom med komplekse behov. Gjennom målretta miljøterapi skapar vi utviklingsstøttande relasjonar og arbeider systematisk for å gje ungdom betre føresetnader for framtida. Vi ser etter deg som brenn for barnevern, trivst med tverrfagleg samarbeid og som ønskjer å vere ein del av eit dedikert team.
Dersom du finn meining i dette, og har eigenskapane, utdanninga og erfaringa som skal til, kan dette vere rette jobben for deg.
Avdeling Røyneberg tek imot ungdom plassert etter lov om barneverntenester §§ 3-2, 4-1, 4-2, 5-5 jf. 5-1. Avdelinga har totalt plass til tre ungdomar i alderen 13–18 år. Turnus er for tida inndelt i dag- og kveldsvakter med arbeid kvar tredje helg. Vi har vakne nattevakter. Ungdomane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dagar. Opphaldet i institusjonen skal bidra til kartlegging i høve til eventuelle vidare tiltak. Senteret har to institusjonsavdelingar og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar; ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek imot om lag 350 barn i året. Det å arbeide i akutten byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
Vi ønskjer ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi særskilt menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
- Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel mens dei bur hos oss.
- Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
- Hovudkontaktansvar, til dømes bruk av kartleggingsverktøy, utarbeida handlingsplanar og retningslinjer, skrive rapportar og gjennomføra strukturerte samtalar og sikre medverknad.
- Ansvarsvakt.
- Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.
Kvalifikasjonar
For å kunne vera kvalifisert til stillinga må du;
- Ha fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng. Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60stp. relevant vidareutdanning.
- Ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Fremvisa sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Ha god fysisk og psykisk helse.
- Ha førarkort for personbil kl. B.
Det er ynskjeleg med:
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til målgruppa og Barnevernlova.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som vert motivert av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdomane og deira behov.
- Som kan stå stødig i fysisk- og mentalt krevjande situasjonar med ungdom i krise.
- Du må evna å oppretthalde ein god struktur, eit fagleg perspektiv og å samarbeide i team.
- Du er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
- For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben - og i teamet. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 200 – 670 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 548 200 – 670 000 pr. år.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån på konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Dessutan kan vi tilby:
- Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
- Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avd. Røyneberg og Madla.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentering og registrering av informasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Marknesringen 48, 4052 Røyneberg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Akuttinstitusjon, Turnus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444771297
- Sist endret


