
Fysioterapeut med videreutdanning eller erfaring
Helse Bergen HF
- Frist 03.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat Fagkonsulent/Fysioterapeut med vidareutdanning eller erfaring
6 måneders vikariat som fysioterapeut i Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO).
Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering.
HAVO sine tenester er retta mot vaksne personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing. Fagfeltet er variert og grensar opp mot ulike spesialitetar. I pasientoppfølginga inngår ofte samarbeid med kommunale instansar, pårørande, og andre einingar i spesialisthelsetenesta.
Vikariatet som fysioterapeut er spesielt retta mot personar med følgjetilstander av skadar/sjukdomar i nervesystemet, som til dømes Cerebral Parese. Problemstillingane er komplekse og ein er ofte avhengig av at fleire instansar samarbeidar med pasient og pårørande over tid, for å lukkast med å finne frem til dei gode løysingane. Vi har eit eige tverrfagleg Team for motorikk og habilitering med fysioterapeut, overlege og ergoterapeutar som jobbar saman. Det er primært i dette teamet at fysioterapeuten jobber.
Vi søker etter fysioterapeut, helst med vidareutdanning. Personar som ikkje har vidareutdanning, men relevant erfaring kan og søke. Vi ønsker ein fagperson som har erfaring frå målgruppa. Opplæring vil bli gitt.
HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper: Overlegar, psykologar, og fagpersonar som vernepleiarar og ergoterapeutar, pedagoger i tillegg til sekretærar. Arbeidsforma er i hovudsak poliklinisk for fysioterapeut, i noko grad også ambulant. Vi nyttar eigne tenestebilar.
Avdelinga er lokalisert i Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein. Det er planlagd flytting til Nordås innan 2028, for samlokalisering med øvrige avdelingar i klinikken.
Vikariatet er ledig frå snarast eller nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og rettleiing knytta til ulike motoriske vanskar
- Rettleiing til pasient og personal/nærpersonar i tiltak
- Bidra i vidareutvikling av fagområde
- Behandlingsplanar
- Bidra til gode løysingar i komplekse pasientsaker, i samarbeid med fleire instansar
- Kurs og undervisningsoppgåver
- Koordinere helsehjelpen saman med overlege og ergoterapeuter
Kvalifikasjonar
- Solid erfaring frå klinisk arbeid med målgruppa: utviklingshemming, funksjonsnedsettelse, skader/sjukdommar i nervesystemet
- Erfaring frå arbeid med komplekse problem
- Kompetanse på kartlegging av funksjon, ganganalyse, leddmål og spastisitet
- Kompetanse på tiltak ved muskel-/skjelett og/eller nevrologiske utfall
- Erfaring med rettleiing i direkte og indirekte tiltak
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
- Norsk autorisasjon
- Relevant vidareutdanning
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Kunne arbeide målretta og sjølvstendig
- Fagleg engasjement
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vere ein god teamarbeidar
Vi tilbyr
- Varierte og spennande oppgåver
- Tverrfagleg samarbeid, internt og med andre delar av spesialisthelsetenesta
- Fagutvikling
- Mentordning
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fleksitidsavtale /dagtid
- Gode parkeringsforhold
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Ergoterapi for personer med nedsatt motorisk funksjon
- Fysioterapitjeneste
- Videregående yrkesopplæring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Fysioterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fysioterapeut, Habilitering for voksne
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447215741
- Sist endret
