Ergoterapeut / Fysioterapeut - 100 % fast stilling i turnus
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen
- Frist 02.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ergoterapeut eller fysioterapeut med ønske om å forme framtidas heimeteneste i vakre Fusa delen av kommunen?
Vi søkjer engasjert ergoterapeut / fysioterapeut som vil gjere ein forskjell. Er du ein person som brenn for at brukarane får oppretthalde eigne ressursar og meistre kvardagen sin best mogleg? Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag?
Då kan dette vere jobben for deg!
Heimetenesta i Eikelandsosen endrar no måten å organisera arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vera med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar.
Arbeidsstad
Heimetenester Eikelandsosen
Kvifor velge oss?
- Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt
- Du får varierte arbeidsdagar
- Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper
- Du får bruke kompetansen din der behovet er størst
- Du blir ein del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar
Arbeidsoppgåver
- Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid
- Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette
- Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
- Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt
- Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskrus og intern opplæring
- Kunne jobbe ved fleire avdelingar ved behov
Kvalifikasjonar
- Har autorisasjon som ergoterapeut eller fysioterapeut, anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdert
- Har gjerne relevant vidareutdanning
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Førarkort kl. B
- Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
- Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
- Bidrar positivt til arbeidsmiljøet, og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengs
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtalar
- 100 % stilling i eit aktivt miljø, med høgt tempo, fokus på fag og gode kollegaer
- Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
- Vi har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld og helg
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Ergoterapi
- Fysioterapi
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Leitet 22, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ergoterapeut, Fysioterapeut
Nøkkelord
Fysioterapeut, Ergoterapeut, Eldreomsorg, Pleie, Hjemmetjeneste
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446231116
- Sist endret

