Rådgjevar grovfôr
Norsk Landbruksrådgiving SA
- Frist 31.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar grovfôr
Vil du bli ein del av landbruket si viktigaste kompetanseverksemd? Norsk landbruksrådgiving SA har ledig 100 % fast stilling som grovfôrrådgjevar til vårt kontor på Sandane, i Gloppen kommune. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk rådgjevar, som kan vere med å utvikla fagområdet til det beste for norske bønder.
Gjer ein skilnad – kvar dag!
I NLR SA står du i sentrum av utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil påverke retningsval og produksjon hos mange enkeltbønder og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten vi alle er avhengige av kvar einaste dag.
I NLR er vi nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette er avgjerande for å lukkast med vårt oppdrag. Vi har eit arbeidsmiljø med stor fagleg breidde og djupne, med høg kompetanse på mange fagfelt. Vi tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg og fagleg utvikling. Rådgjevarane våre styrer i stor grad sin eigen arbeidsdag. Vi ønskjer å få ut det beste av kvar einskilt tilsett, og du får høve til å spesialisere deg og jobbe med det du er god på og brenn for.
Kven søkjer vi?
Vi søkjer ein person med interesse og kompetanse for grovfôr, som er sjølvstendig og strukturert og har eit positivt engasjement for landbruksnæringa. Du bør ha landbruksfagleg utdanning frå høgskule eller universitet og/eller annan relevant landbruksfagleg kompetanse og erfaring. Du må være utadvendt og like å oppsøke våre medlemmar og kundar, for å tilby rådgjeving.
Arbeidsoppgaver:
NLR hjelper norske bønder med et vidt spenn av rådgjeving. Vi ser etter ein person som kan møte aukande etterspurnad frå bønder på desse områda:
Jordprøvetaking og utarbeiding av gjødslingsplaner.
Klimarådgjeving
Rådgjeving og informasjon til medlemmane, både munnleg og skriftleg.
Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk.
Utvikle rådgjevingstilbudet i regionen saman med andre rådgjevarar og samarbeidspartar.
Andre aktuelle arbeidsområde kan vere; grovfôrøkonomi og grovfôrstrategi, avhengig av søkarens interesser og kompetanse.
Vi tilbyr:
Inntil 100 % fast stilling.
Utfordrande fagleg arbeid i et aktivt miljø, både lokalt og nasjonalt, med gode høve for utvikling.
Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet.
Triveleg arbeidsmiljø.
Løn etter avtale.
Gode pensjons- og forsikringsordninger.
Ferdigheter
- Gårdsarbeid
- Jordmasseforflytning
- Planlegge seminar
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er et landsdekkende samvirkeforetak med ca. 24.000 medlemmer og 400 medarbeidere. Med 6 regionavdelinger og rundt 100 kontorsteder, har NLR sterk lokal tilstedeværelse. NLR er bindeledd mellom forskning og landbruket, og innhenter, utvikler og samordner kunnskap som rådgiverne formidler til næringsutøvere i landbruket.
Våre rådgivere jobber med rådgiving og utviklingsoppgaver innen jord- og planteproduksjon, økonomi, regnskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og helhetlig rådgiving og er en attraktiv samarbeidspartner for landbruket.
- Sektor: Samvirke
- Sted: Krånavegen 5, 6823 Sandane
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Agronom, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
grovfôr, rådgiver, sivilagronom, landbruk, plantevitenskap
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442889779
- Sist endret
