Kommunalsjef for strategi, styring og støtte
Austevoll kommune
- Frist 19.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Kommunalsjef for strategi, styring og støtte i Austevoll kommune
Austevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke med over 5500 innbyggarar og svært høg næringsaktivitet – særleg innan maritim og marin næring. Kommunen har eit sterkt fokus på berekraftig utvikling, kvalitet i tenestene og profesjonell forvaltning.
Om arbeidsstaden
Rolla som kommunalsjef for strategi, styring og støtte er ei nyoppretta rolle med overordna ansvar for leiinga av kommunen sin stab, inkludert to einingsleiarar og øvrige stabsfunksjonar. Det er ei sentral rolle som rapporterer direkte til kommunedirektøren.
Om stillinga
I rolla som kommunalsjef for strategi, styring og støtte har du det overordna ansvaret for å leie og utvikle kommunen sin stab, med fokus på strategi, fag, økonomi og personalforvaltning. Du vil og ha ansvar for heilskapleg ressursforvaltning og koordinering av fagområda for å sikre god samhandling, fleksibel ressursbruk og likebehandling av tilsette og leiarar på tvers av organisasjonen. Fagområda vil vere ei støtte til heile organisasjonen.
Du vil også spele ei viktig rolle i å utvikle ein serviceinnstilt organisasjon, der målet er å sikre god og open dialog med innbyggjararar. Her vil du bidra til å sikre ein god informasjonsflyt internt til alle avdelinga, for å sikre eit effektivt og samarbeidande arbeidsmiljø.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Som kommunalsjef vil du ha ansvar for følgande områder:
Utvikle ein robust og samla kommunestab, kontinuerleg vurdere den mest hensiktsmessige organiseringa for å oppnå mål og sikre effektiv oppgåveløysing.
Sikre heilskapleg ressursforvaltning og god samhandling på tvers av fagområda i kommunestaben
Klargjere arbeids- og oppgåvefordelinga mellom kommunestaben og samtlege sektorar og einingar i kommunen.
Leie og utvikle ei strategisk og utviklingsretta leiargruppe
Sikre at prioriterte plan- og strategiprosessar for kommunestaben blir utarbeida og implementert.
Bidra til heilskapleg styring av kommunen ved å utvikle system som understøttar organisasjonen sin styringsmodell.
Fremje utvikling innan digitalisering og kunstig intelligens (KI) og sørge for effektiv utnytting og innføring av digitale verktøy.
Skape ein utviklingsorientert, open og serviceinnstilt organisasjon som gjev gode brukar- og kundeopplevingar.
Følgje opp politiske utval samt andre utval som treff fagområda i kommunestaben.
Godkjenne alle politiske saker som kjem frå fagområda i kommunestaben.
Ønska kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning, helst innan økonomi, leiing, samfunnsvitskap eller offentleg administrasjon.
Solid erfaring frå overordna og strategisk leiing i offentleg sektor eller komplekse organisasjonar.
Dokumentert erfaring med endringsprosesser, samt strategisk utviklingsarbeid, virksomhetsstyring og økonomistyring.
God kjennskap til internkontroll, kvalitetssikring, digitalisering og organisasjonsutvikling.
Forståing av politisk styring og kommunale planprosessar er ein fordel.
Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Er ein trygg og samlande leiar med evne til å motivere og skape tillit.
Har gode relasjonsbyggande ferdigheiter og skapar eit miljø for samarbeid og kunnskapsdeling.
Er engasjert og har evne til å skape resultat gjennom andre.
Er løysingsorientert, fleksibel og målretta.
Tenker innovativt
Har høg gjennomføringsevne.
Vi tilbyr:
Ei spanande leiarrolle med moglegheit for å utvikle kommunen i en ny retning.
Variert og utviklande arbeid i en kommune som er i kontinuerleg utvikling.
Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmilj
Spanande utfordringar
Moglegheit for delvis heimekontor og fleksibel arbeidstid
Løn etter kvalifikasjonar og gode pensjons- og forsikringsordningar
For ytterlegare informasjon om stillinga, vennleg kontakt Mercuri Urval (MU) ved Ragnhild Rabbe Sandven, tlf 941 21 369 eller Gro Reinertsen, tlf 975 59 058.
Meld di interesse ved å laste opp CV og søknadsbrev via Jobbnorge innan 19.01.26. All kontakt til Mercuri Urval vil bli behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgivar.
Ferdigheter
- Administrere ressurser
- Digitalisering
- Forretningsledelse
- Internkontroll
- Kunstig intelligens
- Kvalitetssikring
- Økonomistyring
- Personaladministrasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
strategi, samhandling, ressursforvaltning, digitalisering, ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442858535
- Sist endret
