Kantineansvarleg
Austevoll kommune
- Frist 09.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Kantineansvarleg
Om stillinga
Ved Storebø skule har vi ledig fast stilling som kantineansvarleg i 65 % stilling, fordelt på 5 dagar i veka. Skulen er ein 1.-7.-skule med om lag 340 elevar.
Som kantineansvarleg har du hovudansvar for drift av skulekanti na, og bidreg til gode og sunne måltid for elevane våre. Kantina er ein viktig del av skulekvardagen og ein sosial møteplass for både elevar og tilsette.
Arbeidsoppgaver
- Planlegging og tilrettelegging av kantinetilbodet
- Innkjøp
- Tilbereding av enkel, sunn mat
- Dagleg drift av kantina, inkludert hygiene og internkontroll
- Samarbeid med leiing og tilsette ved skulen
- Enkelt reinhald knytt til kantinedrifta
Kvalifikasjonskrav
- Erfaring frå kantine, kjøkken eller servering er ønskjeleg
- Kjennskap til hygienereglar og internkontroll er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Strukturert, sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Serviceinnstilt og positiv i møte med barn og vaksne
- Likar å jobbe med barn og i eit skulemiljø
- Evne til å samarbeide og skape gode relasjonar
Vi tilbyr
- Ei stilling i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Arbeid på dagtid, 11 % nedtrekk i løn og fri som skulen
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Spørsmål om stillinga
- For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Vibecke Storebø, tlf. 414 48 502
FerdigheterAI-generert
- Anskaffelser
- Designe kjøkken
- Internkontroll
- Mathygieneregler
- Norsk
- Rydde og vaske kafeteria
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Mat og servering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442399647
- Sist endret