
Spesialsjukepleiar med relevant erfaring innanfor ernæring, infusjons- og dialysebehandling
Helse Bergen HF
- Frist 11.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Spesialsjukepleiar med relevant erfaring innanfor ernæring, infusjons- og dialysebehandling
Vi søker etter ein spesialsjukepleiar til eit 1 års vikariat ved Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM) grunna svangerskapspermisjon. Det er anledning for snarleg oppstart, og seinast innan utgangen av mai.
BHM har ansvar for utlån og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell til pasientar som blir utskrevne med spesialisert heimebehandling.
Eininga er organisert med to seksjonar; Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Vi arbeider i nært samarbeid og rapporterer som ei felles eining - BHM. Eininga har 38 tilsette totalt og omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våre pasientar og for å sikre ei effektiv drift.
Vi arbeider mot heimebuande pasientar og deira interessentar, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling. Vi kommuniserer både direkte og indirekte med pasientar og deira nettverk/støtteapparat, og vi har ein glidande overgang frå dei kliniske avdelingane med høve for poliklinisk oppfølging hos oss. Vi tilbyr i tillegg våre pasientar ein heilskapleg teneste i form av vår bandasjistverksemd.
Arbeidsoppgåvene knytt til stillinga vil i hovudsak vere retta mot pasientar med ernæringsutfordringar, samt pasientar med behov for infusjonsbehandling ved diverse tilstandar og heimedialyse. Vi treng deg som har kunnskap om og erfaring med ulikt medisinsk-teknisk utstyr som blir nytta i heimebehandling innanfor angitte fagområde. Du vil arbeide med oppfølging av vår bandasjistverksemd, som gir oss anledning til å tilby ei heilskapleg teneste ved utlevering av medisinsk forbruksmateriell til pasientane våre. Du må vere fagleg sterk og evne å halde kunnskapen din oppdatert, i tråd med gjeldande avtalar og utviklinga av vår teneste.
Arbeidet vårt krev gode datakunnskapar då vi arbeider på tvers av mange ulike datasystem og du må raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innanfor dei systema som vi nyttar. Det er ein fordel om du har kjennskap til system som DIPS, Medusa og Microsoft 365 for å nemna nokon.
Seksjonen betener i tillegg pasientar innanfor fagområda respirasjon og diabetes og dei tilsette må kunne arbeide på tvers av fagområda ved behov. Vi har fortløpande samarbeid med aktuelle kliniske avdelingar i sjukehuset. Fokus på heimebehandling er aukande og vår teneste mot heimebuande pasientar utviklar seg raskt, så dette eit høve til å arbeide innanfor eit spennande satningsområde!
Arbeidsoppgåver:
- handtere pasientførespurnader via telefon og Helse Noreg
- behandle tilvisingar og sette i verk tiltak
- gjennomføre poliklinisk opplæring/undervisning i ulike behandlingshjelpemiddel ved behov
- ivareta datasystema våre knytta til utlevering av utstyr og forbruksmateriell
- Ivareta tett dialog med avdelingar/klinikkar i sjukehuset og i førstelinjetenesta
- kvalitetssikre ein heilskapleg teneste frå oss
- arbeide i tråd med gjeldande nasjonale avtalar, føresegn om medisinsk utstyr og anna relevant lovverk
Du må:
- ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- ha vidareutdanning innanfor angitt fagområde
- ha kunnskap om og erfaring med ulikt medisinsk-teknisk utstyr som blir nytta i heimebehandling innanfor angitte fagområde
- ha gode datakunnskapar og raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innanfor dei ulike systema som vi nyttar
- ha god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
- ha erfaring med arbeid i DIPS
- ha førarkort kl B
- gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Vi trenger deg som:
- har god fagleg vurderingsevne og er allsidig i kunnskapen din
- yter god service til alle våre interessentar
- evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag
- er målretta, konkret og strukturert i arbeidet ditt
- kan arbeide sjølvstendig, i team og tverrfagleg
- er positiv, har godt humør og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- fleksitid med kjernetid
- dagarbeid med fri i helgar
- godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Bruk av journalsystemet DIPS
- Digitale ferdigheter
- Ernæringsvitenskap
- Intravenøs terapi
- Medisinsk utstyr
- Spesialhelsetjenesten
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
spesialsykepleier, ernæring, spesialsjukepleiar, infusjonsbehandling, dialysebehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442420080
- Sist endret

