Stilling som einingsleiar for Spira, barne og familieeininga i Ulvik
Ulvik herad
- Frist 9.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Einingsleiar, barne og familieeininga i Ulvik
Frå 2025 vart Spira barne- og familieeining etablert i Ulvik herad. Eininga er sett saman av fagområda skulehelseteneste, helsestasjon, PPT og barnevern. Eininga har eit tverrfagleg samarbeid med særleg fokus på tideleg innsats og førebygging. Spira er organisatorisk underlagt oppveksteininga.
Me søkjer etter deg som kan vere med å vidareutvikla Spira og leia etter heradet sine premissar for leiarskap.
Arbeidsoppgåver
Leiar for barnevern, PPT, helsestasjon og skulehelseteneste
Personalansvar
Fagleg utvikling av den tverrfaglege tenesta
Budsjettansvar
Kvalifikasjonar:
Me søker etter:
Me søkjer deg som har god kompetanse og erfaring med tverrfagleg samarbeid, særleg mellom barneverntenesta, PPT og helsestasjon/skulehelsetenesta. Du kjenner godt til pliktene knytt til å undersøkje, setje i verk og følgje opp tiltak, og veit at undersøkinga legg grunnlaget for riktig hjelp til rett tid.
Saman med medarbeidarane dine vil du ha høgt fokus på samarbeid, medverknad og inkludering når kartlegging og testing blir gjennomført. Du vil også vere oppteken av god dokumentasjon og faglege vurderingar i både barnevern og PPT.
Du bør ha:
Leiarutdanning
Leiarerfaring frå barnevern.
3-årig høgskuleutdanning: barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant utdanning
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Kunnskap om offentleg forvaltning og økonomistyring
Kompetanse som er ynskeleg:
Erfaring frå tverrfagleg samarbeid med PPT og helsestasjon/skulehelsetenesta
Personlege eigenskapar
Du forstår heradet sine mål og har engasjement for samfunnsoppdraget. Du er trygg i leiarrolla og kan analysere komplekse problemstillingar. Du har god dømmekraft, tek kloke val og tør å ta avgjerd.
Du ønskjer å byggje ein kultur prega av nyskaping, læring og godt tverrfagleg samarbeid. Du lyttar, skapar ro, er fleksibel og møter utfordringar med humor og rausheit. Du leier med tillit, men tek styring når det trengst. Du ser verdien av eit heilskapleg blikk og av å spele på lag på tvers av fagområde.
Me tilbyr
Ei leiarstilling der du kan påverke utviklinga av eit viktig fagfelt til beste for barn, unge og familiar. Du blir del av eit inspirerande og kompetent arbeidsmiljø i ein dynamisk og tverrfagleg organisasjon med rom for initiativ og nyskaping.
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Flyttegodtgjersle etter gjeldande satsar og hjelp til å finne bustad
Ferdigheter
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Økonomistyring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med Poesifestival, lyden av Ulvik, Sommarfestival, blueshelg, Finsejazz og mykje meir! For meir informasjon, besøk heimesida vår www.ulvik.kommune.no eller www.visitulvik.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5730 Ulvik
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Pedagogisk leder, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
einingsleiar, barnevern, ppt, personalansvar, fagleg utvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441591733
- Sist endret