
Butikkansvarleg til HTH Sunnfjord – Vikariat med mogleg fast ansettelse!
HTH SUNNFJORD KJØKKENFORUM AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
- Årslønn 470 000 - 500 000 krKan diskutere bonusløsninger.
HTH Sunnfjord treng Butikkansvarleg – Er det deg?
Arbeidsgivar: HTH Sunnfjord
Stillingstittel: Butikkansvarleg
Ansettelsesform: Vikariat (10 månader) 80-100% avtales nærmere
Stad: Sunnfjord
Søknadsfrist: Snarast
Tiltredelse: Mai/Juni evt August etter avtale
Er du klar for å ta ansvar for butikken og skape flotte kundeopplevingar?
HTH Sunnfjord søkjer ein engasjert og driftssikker Butikkansvarleg i eit vikariat på 10 månader, med moglegheit for forlenging og god sjanse for fast ansettelse.
Rolla er praktisk, variert og salgsretta, der du har ansvaret for at butikken til ei kvar tid framstår profesjonell, inspirerande og kundevenleg.
Arbeidsoppgåver
Drift av butikklokala – sørge for at lokala er innbydande, ryddige og i tråd med HTH‑profil.
Oppdatering av utstillingar – halde kjøkken‑ og baderomsmiljøa moderne og inspirerande.
Halda butikken oppdatert med nye produkt, trendar og kampanjar.
Sal til både privat‑ og bedriftskundar – behovsavklaring, løysningsforslag, teikning og tilbod.
Følge opp kundar gjennom heile prosessen, frå første møte til ferdig løysing og levering.
Orden og flyt på lager – varekontroll, struktur og system.
Målstyring – jobbe aktivt for å nå mål på omsetning og inntjening.
Ansvar for SOME‑kanalar – bidra til innhald og aktivitet som profilerer butikken og skaper kundetrafikk.
Det inngår noko kveld‑ og fast kvar 4 laurdagsarbeid.
Kven ser vi etter?
Erfaring frå sal – gjerne kjøkken, interiør eller møbel.
Evne til å ta ansvar og sikre god gjennomføring i butikken.
Strukturert, sjølvstendig og komfortabel i eit miljø med høgt tempo.
Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape gode relasjonar.
Likar å jobbe mot mål og motiverast av resultat.
God digital forståing og rask læring av system.
Interesse for, eller kjennskap til, bruk av SOME i ein butikk‑ eller salgssetting.
Kva kan vi tilby?
Solid opplæring gjennom HTH sitt School of Excellence-program.
Eit profesjonelt og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
Konkurransedyktige betingelsar.
Eit vikariat med reell og god moglegheit for fast ansettelse..
Om HTH
HTH er ein del av Nobia – Europas største kjøkkenprodusent – og er kjent for kvalitet, skandinavisk design og solide kundereiser.
Kontakt
Kontaktperson: Tor‑Inge Lekva
Telefon: 908 79 593
E‑post: tola@hth.no
Ferdigheter
- Digitale ferdigheter
- Liker å jobbe med mennesker
- Salgserfaring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
HTH er ein del av Nobia – Europas største kjøkkenprodusent – og er kjent for kvalitet, skandinavisk design og solide kundereiser.
- Sektor: Privat
- Sted: Naustdalsvegen 5, 6800 Førde
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt, Butikksjef, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
salg, interiør, kundeservice, kjøkken, some
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454467799
- Sist endret
