Finansiell Rådgiver
Sparebanken Norge
- Frist 12.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein erfaren rådgjevar som vil gjere ein forskjell for kundar i Florø?
Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du får derfor stor moglegheit til å påverke – både i rolla di og i møte med kundane.
Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss – og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!
Om kontoret og laget
I Florø er vi ni kollegaer som jobbar tett saman for å gi kundane våre gode opplevingar – kvar dag. Vi har høgt tempo, stor takhøgd og eit inkluderande arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode. Her møter du ein god kombinasjon av erfaring og utviklingsvilje, og eit lag som deler kunnskap og støttar kvarandre i kvardagen.
Vi er stolte av rolla vi spelar i lokalsamfunnet, og jobbar kvar dag for å gi kundane våre gode råd og trygg oppfølging gjennom ulike fasar i livet. Samtidig har vi ambisjonar om vidare vekst i regionen, og vi ser etter deg som motiverast av å utvikle nye relasjonar, ta marknad og bidra til at vi når måla våre.
Kva går jobben ut på?
Du blir ein viktig rådgjevar for personkundane våre, og får ansvar for ei etablert portefølje. Samtidig ønskjer vi at du aktivt utviklar denne vidare – gjennom gode kundedialogar, nye relasjonar og initiativ i marknaden. Hos oss får du både tillit, ansvar og rom til å påverke utviklinga i både porteføljen og rolla di.
Gjennom gode og tillitsfulle samtalar gir du heilskapleg rådgjeving innan bustadlån, sparing og forsikring frå Frende.
Arbeidskvardagen er variert – med både fysiske og digitale kundemøte – og du blir ein del av eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap, utfordrar kvarandre og jobbar mot felles mål.
Kven er du?
Vi ser for oss at du har erfaring frå rådgjeving og kundearbeid – gjerne frå bank eller finans. Du er trygg i rådgjevarrolla, skaper tillit i møte med kundar og trivst med å ta ansvar for eigen kundeportefølje.
Vi trur du vil lukkast og trivas godt hos oss dersom du:
- motiverast av å skape resultat og jobber målretta med å utvikle nye relasjonar
- trivst med ansvar og utvikling av eigen kundeportefølje
- byggjer sterke relasjonar og skaper tillit hos kundane dine
- jobbar strukturert og ser moglegheiter i kundedialogen
- er fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare
Vi ser helst at du har høgare utdanning innan økonomi eller finans. Autorisasjon innan kreditt, sparing og forsikring (AFR) er ein fordel.
Kva får du hos oss?
Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast – både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet. Vi gir deg ein trygg og effektiv start gjennom onboarding-programmet vårt Sterk start, og vidare utviklingsmoglegheiter gjennom interne satsingar på fagleg utvikling og talentprogram.
Du blir ein del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle – og du får høve til å påverke både eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken.
I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje berre ein bank – vi byggjer eit lag. No byggjer vi det også i Florø. Vil du bli med?
Klar for å bli med på laget?
Vi gler oss til å høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med banksjef Lone Bareksten for ein uforpliktande prat. Vi tek gjerne ein kopp kaffi eller ein telefon!
Søknadsfrist: 12.april, søknader vil bli vurdert fortløpande.
FerdigheterAI-generert
- Autorisasjon som kredittrådgiver
- Autorisert Finansiell Rådgiver
- Boliglån
- Bygge opp kundeportefølje
- Forretningsutvikling
- Forsikringstjenester
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: Strandgata 17, 6905 Florø
- Bransje: Bank, finans og forsikring, IT
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Økonomistyring og budsjettering, Rådgivning
Nøkkelord
bank, finans, økonomi, salg, kundeservice
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456072974
- Sist endret


