Fritidsansvarleg
ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS
- Frist 7.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye fritidsansvarlege?
Er du ein kreativ og løysingsorientert person som samarbeider godt med både små og store? Likar du å bruke både hovudet og hendene, og å utforske realfag på ein leikande måte? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Om stillinga
Me ser etter deg som både trivst med å møte gjestane våre, og å halde hjula i gang bak kulissane.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg det å ha personalansvar for vitenvertane ved ViteMeir. Vertane jobbar i helgar og i feriar, og gjennomfører aktivitetstilbodet som er planlagd for fritidsgjestane våre. I tillegg vil du:
Ha ansvar for å utvikle, planlegge og gjennomføre fritidsaktivitetstilbodet.
Ha ansvaret for oppfølging og opplæring av vitenvertane.
Gjere enkle driftsoppgåver i samband med vedlikehald av utstillinga.
Ta imot skular og barnehagar i utstillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Me ser etter deg som:
har interesse for realfag
har praktisk sans – du bør ikkje ha fleire enn to tommeltottar :)
har førarkort klasse B
gjerne har erfaring frå arbeid med barn og unge
har gode samarbeids- og formidlingsevner
er kreativ, løysingsorientert og strukturert
ser kva som bør gjerast – og gjer det
kommuniserer godt på norsk og engelsk
kan leggje fram politiattest
Har du spesielle eller spennande interesser? Då vil me gjerne høyre om desse i søknaden din.
ViteMeir tilbyr:
Inntil 100 % fast stilling
Fast arbeidstid onsdag ettermiddag og i gjennomsnitt kvar tredje helg
Ein unik sjanse til å forme og utvikle innhaldet i vitensenteret
Kreativt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Løn etter avtale
Oppstart: Etter avtale, seinast 7. april – gjerne tidlegare!
Søknad: send søknad og CV på e-post til jobb@vitemeir.no
Søknadsfrist: 7. desember
Har du spørsmål? Ta kontakt med Heidi Breili Bøthun, hbb@vitemeir.no, tlf. 970 99 452
Ferdigheter
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ViteMeir – Vitensenteret i Sogn og Fjordane as – er eitt av 13 regionale vitensenter i landet. Senteret ligg på Kaupanger i Sogndal kommune og har vore i drift i fire år. Vårt samfunnsoppdrag er å inspirere til realfagsglede og bidra til rekruttering til kompetanseområde som Noreg treng i dag og i framtida. Dette gjer me gjennom å tilby eit breitt utval interaktive utstillingar og læringsopplegg. ViteMeir skal vere ein attraktiv samlingsplass og ein pådrivar for samarbeid og utvikling i tråd med samfunnsoppdraget vårt.
På ViteMeir får du moglegheit til å bidra inn i ein spennande arbeidsplass i eit kreativt og kompetent team. Dei tilsette ved ViteMeir utgjer om lag 16 årsverk. Senteret skal vere ei drivkraft i regionen i tett samhandling med mellom anna barnehagar, skular og næringsliv.
ViteMeir – Me inspirerer til berekraftig samfunnsutvikling og leikande læring!
- Sektor: Privat
- Sted: Skarpeteigvegen 2, 6854 Kaupanger
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Drift og vedlikeholdstjenester, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Lærer/Lektor, Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
formidling, drift, pedagog, kreativ, realfag
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436600163
- Sist endret


