
KI-Utviklar/forvaltar
Helse Vest IKT
- Frist 23.11.2025
- Ansettelsesform Fast
KI-utviklar/forvaltar
Vil du arbeide innan eit av dei mest spanande IT-områda, samtidig som du gjer noko verkeleg samfunnsnyttig?Då vil du passe godt inn i satsinga vår på kunstig intelligens (KI/AI) ogmaskinlæring (ML).
Helse Vest IKT skal utvide vår teneste for kunstig intelligens. Dette skal bidra til at befolkninga får best moglege helsetenester,gjennom at helsepersonell får naudsynt og viktig støtte i det daglege arbeidetsitt.
Vi søker no ein KI-utviklar/forvaltar som kan utvikle og forvalte modellar forKI-applikasjonar. Du er nysgjerrig på ny KI-programvare og utviklinga, har ein sterk bakgrunn innan IT, og vilhjelpe andre å finne den beste løysinga på problema deira. Dette er eimoglegheit til å bruke KI til eit godt og meiningsfullt formål.
KI-teamet består i dag av ein dataanalytikar og to utviklarar, og vi har moglegheit til å trekke på ressursar frådet store fagmiljøet vi er del av. Teamet høyrer til seksjonen Utvikling,som består av 50 høgt kvalifiserte utviklarar, dataanalytikarar og UX-arar. Viutgjer eit sterkt og kompetent miljø som er opptekne av å utvikle løysingar forframtidas helsetenester.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle og forvalte avanserte algoritmar og modellar for KI-applikasjonar.
- Utforske kommersielle KI-leverandørar for tale- og naturleg språkbehandling.
- Samarbeide med tverrfaglege team om å implementere, produksjonssette og forvalte KI-løysingar.
- Optimalisere og forbetre eksisterande KI-applikasjonar.
- Utforske ny KI-programvare.
- Forvalte KI-server.
Kvalifikasjonar
- Relevant IT-utdanning frå høgskule/universitet.
- Solid kunnskap om maskinlæring og bruk av GPUar.
- Erfaring med programmeringsspråket Python.
- Erfaring med databasar som SQL Server.
- Kunnskap om tenester i Microsoft Azure AI Foundry (Azure OpenAI Service, Azure AI Search, Azure Machine Learning).
- Kunnskap om deployment (Docker, RestAPI, etc.) er nyttig.
- Kunnskap om heile KI Livssyklus(utvikling, test, deployment, monitorering).
- Evne til å arbeide med store datasett.
- God forståing av dataanalyse og KI-modellar.
- Kunne samarbeide i team og ha gode kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar
- Kreativ tenking og evne til å utforske nye tilnærmingar.
- Som alle gode utviklarar har du gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert.
- Du er interessert i å halde deg oppdatert innanfor KI og maskinlæring og synest fagleg påfyll er givande.
- Du har eit ønske om å levere det brukarane treng, samstundes som du har fokus på at kvalitet vanlegvis varar lengst.
- Du likar å jobbe sjølvstendig, men set pris på å vere ein del av eit team.
- Du er oppteken av samhald og erkjenner at ein oppnår meir ved godt teamarbeid enn som enkeltindivid.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
FerdigheterAI-generert
- Analysere data
- Azure Machine Learning
- Benytte maskinlæring
- GPU computing
- Kunstig intelligens
- Maskinlæring
- Python (dataprogrammering)
- SQL Server (Database)
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
KI-applikasjoner, utvikler, KI-løsninger, maskinlæring, Databaser
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435871663
- Sist endret
