
Sikkerhetsrådgiver
Helse Vest IKT
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med sikkerheit og risikostyring i helsesektoren?
Helse Vest IKT er eit av dei største IKT-miljøa på Vestlandet, og er totalleverandør av IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Vi stiller høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit, og med om lag 1300 system og over 30 000 sluttbrukarar, er vi ein sentral aktør i helsesektoren.
I Seksjon for IKT-Sikkerhet jobbar 18 engasjerte medarbeidarar med risikostyring, hendingshandtering, styringssystem og tryggingskultur. Seks av desse arbeider primært med ROS-prosessar og risikostyring. No søkjer me ein Sikkerhetsrådgiver som ønskjer å bidra i eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag.
🔐 Me søkjer no ein Sikkerhetsrådgiver som vil vera med på å verna kritisk infrastruktur i helsesektoren. Hos oss får du ei sentral rolle i arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, styringssystem for informasjonstryggleik og personvern (GRC), internkontroll og tryggingskrav i anskaffingar. Du vil påverka korleis helse-IKT blir utvikla og sikra i åra som kjem.
Helse Vest IKT har kontor i Stavanger, Haugesund, Førde og Bergen, og arbeidsplassen din vil vere i ein av desse byane.
Arbeidsoppgåver
- Gi råd, vera pådrivar og bidra til god informasjonstryggleik og personvern på tvers av organisasjonen.
- Planleggja, leia og fasilitera risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) som støttar sikker og stabil drift.
- Vidareutvikle og operasjonalisera styringssystem for informasjonstryggleik og personvern.
- Opplæring og haldningsskapande arbeid innan informasjonstryggleik.
- Vere med på å byggja god tryggingskultur – bidra til at tryggleik blir opplevd som ein naturleg del av arbeidskulturen.
- Gi fagleg rådgiving i prosjekt, og sikre at tryggingskrav blir vareteke i anskaffingar og oppfølging av leverandørar.
- Forbetre og effektivisera arbeidsprosessar kontinuerleg.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan informasjonssikkerheit, teknologi, samfunnssikkerheit eller anna relevant retning, eller solid relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette.
- Du har interesse for informasjonssikkerheit og ei nysgjerrigheit på korleis teknologi, risiko og organisasjon heng saman.
- Du handterer komplekse problemstillingar på ein strukturert måte
- Du har god munnleg og skriftleg formidlingsevne – både på norsk og engelsk.
- Du må kunne sikkerheitsklarerast, og politiattest vil bli innhenta.
Det er ein fordel om du òg har erfaring med eitt eller fleire av desse områda:
- Strategisk, teknisk eller operativ informasjonssikkerheit, gjerne frå komplekse organisasjonar.
- Erfaring med risikostyring og risikovurderingar (ROS).
- Utforming og forvaltning av styringssystem for informasjonssikkerheit, personvern og internkontroll.
- Kunnskap om relevante standardar og rammeverk (ISO 27001, NSMs grunnprinsipp for IKT-sikkerheit, NIS2, TOGAF, CIS, CISSP og liknande)
- Bransjespesifikke krav, som GDPR, helselovgiving og regulatoriske rammeverk for sikkerheit og datalagring.
- Erfaring med revisjonar, internkontroll eller vurdering av modnad.
Personlege eigenskapar
- Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team, men tek òg sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver.
- Du er strukturert, påliteleg og følger opp det du tek på deg.
- Du bygger gode relasjonar, bidreg til eit positivt arbeidsmiljø, og deler gjerne kunnskap med andre.
Det er ikkje krav om at du kan alt. Me ser etter potensial og motivasjon; personlege eigenskapar og motivasjon for fagfeltet vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- Eit sterkt fagmiljø innan IKT-sikkerheit, risikostyring og personvern – der du får jobbe med dedikerte kollegaer og samfunnskritiske problemstillingar.
- Moglegheiter for vidareutdanning og sertifiseringar.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling – gjennom kompetansedeling, kurs og vidareutdanning.
- Fleksibel arbeidskvardag med moglegheit for heimekontor.
Søknader vil bli vurdert fortløpande.
FerdigheterAI-generert
- General Data Protection Regulation (GDPR)
- ICT Security
- Internkontroll
- Risikostyring
- Sikkerhetsklarering
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Flere arbeidssteder: Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
sikkerhetsrådgiver, ROS, sikkerhetsstyring, risikovurdering, GRC
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440514097
- Sist endret