
Testleiar integrasjon
Helse Vest IKT
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Testleiar integrasjon
Har du lyst til å gjere ein forskjell? Vil du vere ein bidragsytar til at helsevesenet blir enklare for pasientar, legar og sjukepleiarar gjennom digitalisering? Då er det deg vi leitar etter.
Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med eit samla ansvar for koordinering, leveranse og forvaltning av integrasjonsløysingane, og er med sine 43 kunnskapsrike medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter i helsesektoren.
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra blitt heilt sentrale i pasientbehandlinga, og behovet for utveksling av data mellom systema er stort. Tilgang til kritiske helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv måte, har aldri vore viktigare.
Vi søkjer etter engasjerte testleiarar
Du vil inngå i eit fagteam med åtte andre testleiarar. Som testleiar får du ansvar for å planleggje og gjennomføre integrasjonstestar, og å sikre at løysingane har god kvalitet. Utvikling og forbetring av integrasjonsløysingar blir drive av tre tverrfaglege integrasjonsteam, som samarbeider tett med interessentar og bidragsytarar. Teama er sett saman av prosjektleiarar, arkitektar, utviklarar, testleiarar og plattformforvaltarar. Saman har dei direkte innverknad på korleis lokale, regionale og nasjonale løysingar blir realiserte. Du kjem inn i eit erfarent og veletablert fagteam, og vil samarbeide med andre testleiarar om testoppgåvene i integrasjonsteamet.
Du er enten ein erfaren testleiar, eller nyutdanna med interesse for heile testprosessen. Kurs og opplæring får du etter behov.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk no!
Kva gjer ein testleiar hos oss?
- Deltar i heile utviklingsløpet frå spesifikasjon til test og implementering
- Utarbeider testdokumentasjon. Til dømes testplanar, testkrav, testtilfelle og sluttrapportar.
- Gjennomfører integrasjonstestar - teknisk "ende til ende" test av informasjonsflyt
- Overleverer ferdig testa løysingar til akseptansetest
- Støtter dei som utfører akseptansetest
- Verifiserer løysing etter produksjonssetjing
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning - fortrinnsvis teknisk
- Relevant erfaring over tid kan kompensere for høgare utdanning
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Kunnskap om testmetodikk, ISTQB sertifisering eller tilsvarande
- Erfaring med bruk av testverktøy som til dømes ReadyAPI, Swagger, Postman, HP ALM, Azure DevOps eller Altova XMLSpy
- Erfaring frå test av integrasjonar eller annan teknisk testing
- Kjennskap til helsesektoren
Kven er du?
- Du likar å arbeide strukturert, er analytisk og har evne til å setje deg inn i komplekse problemstillingar.
- Du er løysingsorientert og opptatt av å levere kvalitet
- Du samarbeider godt med andre, deler kunnskap, erfaring og informasjon, og støttar andre i å nå måla til teamet.
- Du er nysgjerrig på ny teknologi og tileignar deg raskt ny kunnskap.
- Du formulerer deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg, og du kommuniserer på ein klar, presis og strukturert måte.
Hos oss får du
- Eit skikkeleg bra arbeidsmiljø. Vi spelar kvarandre gode og har det gøy saman på jobb.
- Jobb i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Kvar dag er ulik. Vi har varierte og utfordrande arbeidsdagar med rom for fagleg og personleg utvikling. Hos oss får du jobbe med store og små oppdrag.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible ordningar med heimekontor, fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Ein arbeidsgjevar som forstår at livet er meir enn jobb, og vektlegg ein god balanse mellom jobb og privatliv.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Integrasjonstester
- ISTQB-sertifisert
- Teknisk utdannelse
- Testing av APIer
- Testprosedyrer
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: QA/Testing
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Testledelse, Integrasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440508674
- Sist endret

