Divisjonsleiar brukarnær støtte og tenesteutvikling
Helse Vest IKT
- Frist 8.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere drivkrafta bak betre digitale opplevingar i spesialisthelsetenesta?
Helse Vest IKT jobbar for tida med ei større omorganisering av selskapet.
Divisjonen er sentral i denne endringa. Tilpassing og endringar i oppgåver- og/eller organiseringa av divisjonen, må derfor påreknast.
Stillinga som divisjonsleiar for brukarnær støtte og tenesteutvikling er ei nyoppretta leiarstilling. Det ligg til stillinga å greie ut og planleggje vidare organisering internt i divisjonen, i samarbeid med AD, stabar og andre divisjonar.
Helse Vest IKT har innført 13 ITIL- praksisar for å sikre leveransar av stabile og effektive IT-tenester.
Stillinga inneber eit heilskapleg leiaransvar for å skape gode leveransar og resultat internt i divisjonen, i tett samarbeid med andre divisjonar og eksterne samarbeidspartnarar. Stillinga rapporterer til AD og inngår i toppleiargruppa.
Kva går jobben ut på?
Divisjonsleiar for brukarnær støtte og tenesteutvikling skal ha eit heilskapleg blikk på den digitale arbeidskvardagen til dei tilsette i Helse Vest, og aktivt bidra til å forbetre brukaropplevinga på tvers av system og plattformer.
Divisjonen har ansvar for at tenestene til selskapet samla sett gir gode heilskaplege brukaropplevingar, og skaper ønskt verdi for sjukehusa og andre samarbeidspartnarar. Divisjonen skal jobbe aktivt med nyskaping og innovasjon, der det kan gi gevinstar for Helse Vest.
Divisjonen har òg ansvar for SLA, brukarstøtte og support.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi søkjer ein strategisk og framtidsretta leiar, som evnar å levere gode tenester og heilskaplege brukaropplevingar til rett kvalitet, tid og kostnad.
Du må ha høgare utdanning og leiarerfaring frå komplekse organisasjonar. Det er ein fordel om du har kjennskap til ITIL-rammeverket. Du har i tillegg god forståing for digital tenesteutvikling, brukaroppleving og gevinstrealisering. Har du erfaring med innsiktsbasert utvikling og innovasjon, så vil vi høyre frå deg.
Du er trygg og samlande i leiarrolla, med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Vi føreset sterk gjennomføringsevne, med god involvering og evne til å justere kursen når det er nødvendig. Du evnar å leie- og arbeide konstruktivt under press, òg når du møter motgang.
Kvifor velje oss?
- Ei nøkkelrolle i toppleiargruppa i eit stort IKT-selskap
- Eit viktig samfunnsoppdrag – og moglegheita til å gjere ein reell forskjell
- Ei utfordrande stilling i ein organisasjon i endring og utvikling
- Moglegheit til å påverke og vidareutvikle divisjonen, tenesteporteføljen og teknologi som eit strategisk verkemiddel innan helse
- Eit tverrfagleg- og kompetent arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
Arbeidsstad: Helse Vest IKT har lokale i Bergen, Haugesund, Førde og Stavanger.
For meir informasjon om stillinga, kan du ta uforpliktande og konfidensiell kontakt med rådgivarane våre i Habberstad, Hans Petter Karlsen, tlf. 93425743 eller Bjarne Gundersen, tlf. 91827968.
Fram til utløpet av søknadsfristen vil søknader og førespurnader behandlast konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgivar. Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Me kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
Me ser fram til å høyra frå deg!
FerdigheterAI-generert
- Digital produktutvikling
- IT Infrastructure Library (ITIL)
- Service-Level-Agreement (SLA)
- User support
Om arbeidsgiveren
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, og dessutan fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre spesialisthelsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. Vil du bli betre kjent med oss og lese meir om kva vi driv med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Inndalsveien 12, 5063 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437676486
- Sist endret


