
Bildegalleri
Statsminister Nygaardsvold. Statsmann, strateg og lagabøter.
Til salgs
45 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Heftet "Statsminister Nygaardsvold. Statsmann, strateg og lagabøter." Av major Einar Sagen. Trykket i 1946 (3. opplag). 54 sider.
Selges for 45,- kroner
Porto: 38,- kroner
--------------------------------------------
Johan Nygaardsvold var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, stortingsrepresentant i over 30 år og statsminister frå 20. mars 1935 til 25. juni 1945.
Som reformpolitikar før andre verdskrigen og som regjeringssjef ved krigsutbrotet i 1940 er Nygaardsvold sitt ettermæle todelt.
Meir enn nokon annan har han æra for at viktige velferdsordningar vart vedtekne og gjennomførte. Prisen var at det militære forsvaret i landet vart forsømt. Nygaardsvold er derfor i auga til mange gjort ansvarleg for at Noreg vart eit lett byte for okkupasjonsmakta i 1940.
I krigsåra var han derimot ein samlande figur saman med kong Haakon 7. i den norske motstandskampen, og leia Londonregjeringa.
Undersøkingskommisjonen av 1945 kunne likevel ikkje frita Nygaardsvold for ein del av ansvaret for den manglande forsvarsberedskapen før og ved krigsutbrotet, men gav han anerkjenning for arbeidet i London.
Johan Nygaardsvold var ein av Arbeidarpartiets sterkaste og mest samlande krefter både som talar og agitator. Ved sida av Einar Gerhardsen har han vorte ståande som den mest ruvande leiarskikkelsen i Arbeidarpartiet i det tjuande hundreåret. Nygaardsvold var også personleg populær innan alle dei andre politiske partia.
- - - - -
Einar Kristofer Sagen (1871–1948) var ein norsk målmann, offiser og forfattar fødd i Oslo.
Sagen utdanna seg til offiser og vart utnemnd til major i 1918. Sagen var svært kritisk til forsvarspolitikken som vart ført av arbeidarpartiregjeringa, og peika på faren for tysk åtak etter 1934 dersom ikkje Forsvaret vart sterkare. Han var ein ihuga målmann og underviste i nynorsk på Krigsskulen frå 1932. Han tok avskil frå Hæren i 1936.
Sagen skreiv Skytebok for gutar i by- og landsskular (1910), omsette Soldatens Bok - Hermannsboki (1913) og gav ut Militær ordliste med nynorsk tyding (1932). I 1936 publiserte han forsvarsbrosjyren Då krigen kom. Noregsveldets endelege undergang, som tydeleg varsla om det som kom til å henda den 9. april 1940. I 1945 gav han ut Noregs undergang og attreising der han drog fram alle dei mistaka Nygaardsvoldregjeringa hadde gjort på forsvarsfeltet.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 29.4.2025 kl. 16:53 ・ FINN-kode: 405299058

