Inaktiv

Miljøterapeut - vaken nattevakt

Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Vaken nattevakt
Frist
23.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Vi ser etter miljøterapeutar som trivst med nattarbeid og har stort engasjement for ungdom.


Kasa ungdomssenter er eit statleg omsorgstiltak for barn og unge i alderen 13 -18 år. Vi har fem avdelingar i Bergen og omegn, med 3 eller 4 plassar på kvar. Kasa skal gjennom traumebevisst omsorg etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Denne stillinga er for tiden knytt til Kasa Flatøy.

Vi ser i den forbindelse etter deg som har eit stort engasjement og hjarte for ungdom som treng trygge og dyktige miljøterapeutar rundt seg for at dei skal få eit godt liv som vaksen.


Arbeidsoppgåver


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

  • Stillinga som vaken nattevakt inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar.
  • Nattevaktane arbeider sjølvstendig og i team på institusjonen.
  • Nattevaktane har og ein del praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
  • Nattevaktane har ansvar for praktisk rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Nattevaktane deltar i fagmøter og rettleiing.

Kvalifikasjonar

  • Krav om fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning bachelor (sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad blir også vurdert.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • Sertifikat kl. B
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Det er ønskeleg at du har kjennskap til relevant lovverk, Traumebevisst omsorg samt målstyrt miljøterapi.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som :

  • Har gode evner til å bygge relasjon
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Har godt humør, og som likar å arbeide med og for ungdom
  • Er løysningsfokusert og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte
  • Er trygg, tydeleg og tillitvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov
  • Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team
  • Er fleksibel og trivast med store utfordringar
  • Har tro på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartnarar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet
  • Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar
  • Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk
  • Har god fysisk og psykisk helse

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom,1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar: kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar,1534 spesialutdanna miljøterapeut: kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64) eller 1173 klinisk sosionomeller 1496 klinisk barnevernspedagog: kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
  • Tillegg for ubekvem arbeidstid ifbm turnus.
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein godtenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån på konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- oggruppelivsforsikring.

I tillegg kan vi tilby:

Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.

Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og detmeiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Opplysningar til deg som søkjer:

  • Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
  • Vi har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingane er for tida lagt til KASA ungdomssenter.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor
Offentlig
Sted
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Våken nattevakt, Turnus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Børre Christer Fredheim
Stillingstittel
Avdelingsleder Kasa Flatøy
Telefon
91 85 14 12
Følg firma
4309 følger dette firmaet

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 347776516
Sist endret 24. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse