Utløpt

Er du vår ny medarbeidar?

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Driftsleiar
Frist
05.10.2022
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om arbeidsstaden og stillinga

Ved Stavanger Ungdomssenter er det ledig ei mellombels 50 % stilling som driftsleiar frå 1. oktober med varigheit i eit år.

Senteret har tre avdelinger, blant dei to institusjonsavdelingar som treng tilsyn og vedlikehald. Særleg stort er behovet på avdeling Lindøy, men også avdeling Våland vil trenge at nokon bistår med praktiske oppgåver og løysingar. 

Stavanger ungdomssenter femnar om avdelingane Lindøy, Våland og avdeling for spesialiserte fosterheimar. Ved institusjonsavdelingane bur det max 4 ungdomer til same tid. Senteret har tilsaman 25 godkjende plassar for ungdom som bur utanfor heimen sin på grunn av omsorgsforholda. Avdeling for spesialiserte fosterheimar gjev tilbod om oppfylging av familiane til borna/ungdomane som bur i avdelingane, og til fosterheimane som er knytt til senteret.


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

På Lindøy er det 8 større og mindre bygg og store uteområder, mens det på Våland er ein stor einebustad med hage.

  • For det meste vil kvardagen bestå av forefallande vaktmeisteroppgåver.
  • Du vil ha ansvar for innvendig og utvendig vedlikehald av bygg og eigedom.

Oppgåveløysing vert planlagd i samarbeid med avdelingsleiar og Statsbygg.


Kva slags bakgrunn har du?
  • Det krevst fullført yrkesfaglig eller anna relevant utdanning
  • Lang, relevant yrkeserfaring kan kompensera for krav om utdanning
  • Det krevst erfaring frå den type oppgåver som stillinga omfattar
  • Evne til å planlegge, gjennomføra og sluttføra oppgåver innan eige fagområde
  • Du er innforstått med kva det inneber å arbeide på einingar i barnevernet
  • Ordenssans
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i gruppesamanheng
  • Du må vere praktisk anlagd og ha kunnskap om korleis løyse vaktmeisteroppgåver
  • Erfaring frå park/utearbeid vert vektlagd
  • Du liker å arbeide åleine, men samarbeider godt med ansatte og dei ungdomane som oppheld seg på institusjonen 
  • Personleg eignaheit vert nøye vurdert i forhold til forrige punkt

Kva får du hos oss?

Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1137 Driftsleiar med løn fra kr 383 200 pr. år til kr 435 600 pr. år (ltr.35-45). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. 

Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.


Kontaktinformasjon

Janne Haugstad Bø, einingsleiarr: 46619655, janne.haugstad.bo@bufetat.no

Kim Elisabeth Wiik, avdelingsleiar: 40407620, kimelisabeth.wiik@bufetat.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.


Opplysningar til deg som søker
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Stavanger Ungdomssenter 
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drive etatens institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og deira familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen. 

Sektor
Offentlig
Sted
Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Driftsoperatør/vaktmester / occupation_maintenance_janitor
Følg firma
4333 følger dette firmaet

Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 273917726
Sist endret 21. sep. 2022 16:16

Rapporter annonse