Utløpt

Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Miljøterapeuter/tilkallingsvakter
Frist
10.10.2022
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om arbeidsstaden og stillinga

Stavanger Akuttsenter har to avdelingar som søkjar etter fagleg kvalifserte miljøterapeuter i stilling som tilkallingsvikarar.

Avdeling Madla tek imot ungdom etter barnevernsloven paragraf 4-25/ 4-26

Avdeling Røyneberg tek imot ungdom etter barnevernsloven paragraf 4-6/ paragraf 4-12

Hos oss får du først og fremst moglegheit til å vere ein trygg vaksen for barn og ungdom som treng det i en vanskeleg livsfase. Du får jobbe i eit hektisk og dynamisk miljø saman med erfarne, positive og engasjerte kolleger med høg fagkompetanse.

Kvardagen i avdelinga er prega av hyppige nye inntak av ungdom i krise, store variasjoner i problematikk, bakgrunn, adferd, psykiske fungering og omsorgsbehov. Eit krav til å utrede og kartlegge mange faktorar på kort tid, samt det å begynne arbeidet med å skape ei utvikling hjå ungdommen og deira familie.


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
  • Miljøterapeutisk arbeid med ungdom med fokus på traumesensitiv tilnærming og krisehåndtering.
  • Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom.
  • Ta imot nye ungdommer.
  • Dokumentasjonsansvar.
  • Praktiske oppgåver i avdelinga.

Kven ser me etter?
  • Minimum treårig relevant høgskuleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarande 180 studiepoeng. For tilsetting i stillingskode 1494, 1495 og 1508 krev vi fullført utdanning som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar. 
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 studiepoeng relevant vidareutdanning.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Førerkort er naudsynt.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Me ønskjer medarbeidarar med klare haldningar som vil fremstå som gode rollemodeller for ungdomane.
  • Me legg vekt på engasjement, intiativ og interesse for ungdommane.
  • Evne og vilje til selvstendig og målrettet arbeid.
  • Evne til å oppnå gode relasjoner.
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å takle et høyt arbeidstempo.

Kva får du hos oss?
  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom,1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut: p.t. kr 423 500 - 544 400 pr. år (ltr. 43-59).    
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut: p.t. kr 478 300 - 573 900 pr. år (ltr. 51-62) eller 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog: p.t. kr 501 200 - 573 900 pr. år (ltr. 54-62). 

Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.

  • Søkjare med utdanning som sjukepleiar med minst 60 stp vidareutdanning innan rus eller psykiatri, eller adjunkt med minst 60 stp vidareutdanning i spesialpedagogikk, kan også vurderast. 

Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

  • Hos oss får du først og fremst moglegheit til å vere ein trygg vaksen for barn og ungdom som treng det i en vanskeleg livsfase.
  • Du får jobbe i eit hektisk og dynamisk miljø saman med erfarne, positive og engasjerte kolleger med høg fagkompetanse. 
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Kontaktinformasjon

Avdelingsleder Madla, Monika Høyer Haugland, telefon 478 44 074

monikahoyer.haugland@bufetat.no

Avdelingsleder Røyneberg, Monica Gravdal, telefon 466 19 483

monica.gravdal@bufetat.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.


Opplysningar til deg som søker
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, Madla og Røyneberg. 
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drive etatens institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og deira familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Stavanger akuttsenter tek imot ungdom plassert etter Lov om barneverntenester §§4-6, 4-12 og 4-25 jf. 4-24. Vi har to institusjonsavdelingar med plass til totalt åtte ungdommar i alderen 13-18 år. Ungdommane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dager. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak.

Senteret har og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar - ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.

Det å jobbe i akutten byr på spennande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har et godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Kompani Lingesvei 23, 4045 Hafrsfjord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom

Nøkkelord

Tilkallingsvikar, Miljøterapeutisk arbeid

Følg firma
4304 følger dette firmaet

Kompani Lingesvei 23, 4045 Hafrsfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 272791739
Sist endret 12. sep. 2022 17:27

Rapporter annonse