Utløpt

Ungdom i krise trenger hjelp også om natta

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Faste stillingar - kvilande nattevakt ved Stavanger akuttsenter
Frist
04.07.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Om stillingane 

Ved Stavanger akuttsenter, er det ledig til saman 3 faste deltidsstillingar - og eit vikariat som kvilande nattevakt. Kvilande vakt blir godtgjort med 1/3 timelønn i tidsrommet 00:00 - 06:00. Senteret har 3 avdelingar: Madla, Røyneberg og ny avdeling Heimly. 

  • Avdeling Røyneberg - ei fast stilling p.t. 53,85 %, lønsteknisk stillingsprosent p.t. 28,18 %.
  • Avdeling Heimly - to faste stillingar p.t. 66,4%, lønsteknisk stillingsprosent 35%.
  • Avdeling Madla - eit vikariat p.t. 49,74%, lønsteknisk stillingsprosent 26,51.
  • Det er ulik turnus ved kvar avdeling.

Ungdommane du skal hjelpe, kjem til oss i ei kritisk fase i eige liv. Vil du hjelpe dei? Vere der for dei når det gjeld? Ei natt på jobb på Stavanger akuttsenter kan vere rolig. Men den kan også krevje mykje av deg: Ro og klokskap i ein oppheita situasjon. Innleving og støtte når kjenslene renn over for ein tenåring som ikkje får sove, eller en ungdom som har flytta inn midt på natta.

Jobb ved Stavanger akuttsenter byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilstrebar ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi menn til å søkje. 


Arbeidsoppgåver og ansvarsområder
  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senteret sine retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Delta på / ansvar for inntak, overlapping, praktiske oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga, forberede frukost og følgje opp kvelds- og morgonrutiner.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.

Kven søkjer vi?

Vi søkjer deg som motiverast av ansvar, som arbeidar sjølvstendig, som er proaktiv og initiativrik,  trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdommane og deira behov. Du må ha evne til å handtera uforutsigbare situasjonar - og vera klar til å rykkja ut på vakt ved behov, ha god struktur, eit fagleg perspektiv og kunne samarbeida i team.

Du er fleksibel og trivast med store utfordringar og du har evne til hurtig omstilling. For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartnarar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.

Det er viktig for oss å finne deg som passar til jobben.


Kva slags bakgrunn har du?
  • For tilsetjing i stillingskode 1495, 1494 eller 1508 vert det kravd minimum treårig relevant høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • For tilsetjing i stillingskode 1488 som miljøterapeut vert det kravd minimum toårig relevant utdanning med minst 90 studiepoeng. 
  • Det er ynskjeleg med erfaring, etter endt utdanning, frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, helst med ungdom som målgruppe / arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • Førarkort for personbil.

Vi tilbyr
  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar i lønsramme 15, alt.  5 -11, p.t. kr 396 900 - kr 524 900 pr. år (ltr 40-58), stillingskode 1488 miljøterapeut lønsramme 17, alt 3-11, pt. kr 364 800 - kr 468 300 pr. år (ltr 33 - 51) 
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning. Tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Opplysningar til deg som søkjer
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Vi ønskjer oss derfor medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rett kandidat bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingane er for tida lagt til Stavanger akuttsenter avdeling Madla, Røyneberg og ny avdeling Heimly.
  • Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetjing, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikkje takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Monika Høyer Haugland, tlf. 478 44 074 - e-post: monikahoyer.haugland@bufetat.no

Monica Gravdal, tlf. 466 19 483 - e-post: monica.gravdal@bufetat.no

Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju. 

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland, med regionkontor som ligg i Bergen.

Stavanger akuttsenter tek imot ungdom plassert etter Lov om barneverntenester §§4-6, 4-12 og 4-25 jf. 4-24. Vi har tre institusjonsavdelingar med plass til totalt 12 ungdommar i alderen 13-18 år. Ungdommane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dager. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak.

Senteret har og 83 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar - ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Kompani Lingesvei 23, 4045 Hafrsfjord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

Kvilande nattevakt, Turnus, Miljøterapeut, Barnevernspedagog, Sosionom

Følg firma
4304 følger dette firmaet

Kompani Lingesvei 23, 4045 Hafrsfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 222330393
Sist endret 17. jun. 2021 13:35

Rapporter annonse