Utløpt

Til deg som ønskjer leiarstilling i ein verksemd med det viktigaste samfunnsoppdraget

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Avdelingsdirektør - behandlingstilbod for ungdom, Bufetat region vest
Frist
31.08.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Er du ein leiar som vert motivert av det viktige samfunnsoppdraget vårt og våre verdiar?

Bufetat si visjon er vekst og utvikling for barn, unge og familiar. Vi jobbar etter verdiane respekt, åpenheit og deltaking - RÅD.

Vi søkjer deg som har lyst å vere med å utvikle behandlingstilbodet for ungdom og bidra til strategisk leiing av regionen.


Informasjon om arbeidsstaden og stillinga

Ved Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest er det ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsdirektør for behandlingstilbod for ungdom. Stillinga er for tida lagd til Bufetat, region vest med arbeidsstad Bergen. Stillinga inneber noko reising, men etaten har godt utbygd moderne videokonferanseutstyr i alle tenesteområda. 

Avdelingsdirektør rapporterar til regiondirektør og inngår i den regionale leiargruppa. Regionleiinga består av regiondirektør, fire avdelingsdirektørar med særskilt ansvar for oppfølging av dei einskilde tenesteeiningane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef.


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

Til stillinga ligg for tida leiinga av ein rusinstitusjon for ungdom (LBR), fosterheimstilbod med behandlingseining knytt til seg (TFCO) og heimebaserte behandlingstilbod for ungdom og deira familiar (MST og FFT).

Du vil ha ansvar for å:

  • leie einingsleiarane for dei eniningane du har ansvaret for og for nokre medabeidarar i stab
  • sikre at faglege og driftsmessige mål vert nådd i einingar du har ansvaret for
  • omsette nasjonale føringar og handlingsplaner til regionale handlingsplanar og forslag til tiltak
  • utvikle samarbeid med relevante private, statlege og fylkeskommunale aktørar, samt utdannings- og forskingsinstitusjonar
  • delta i leiargruppa ukentleg og i jamnlege strategisamlingar og bidra til strategisk utvikling av regionen

Kva slags bakgrunn har du?

Vi ønskjer deg som har:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande mastergrad.
  • Relevant utdanning kan til dømes vere innan barnevern, sosialt arbeid, psykologi, sykepleie eller lignande.
  • Utdanning med leiarfag eller tilleggsutdanning innan leiing. Ved manglande utdanning innan leiing må ein pårekne å ta leiarutdanning etter tilsetjing.
  • Leiarerfaring, gjerne erfaring frå leiing av andre leiarar.
  • Samfunnsfagleg forståing og innsikt i offentleg forvalting.
  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Du må kunne nytte relevante fag- administrative IKT-system på ein effektiv måte.


Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss deg som:

  • er engasjert og blir motivert av vårt samfunnsoppdrag og våre verdiar
  • har høg arbeidskapasitet og håndterar mange og komplekse oppgåver i eit til tider høgt tempo
  • er strukturert og analytisk og har evne til å tenkje heilskap og tverrfagleg
  • skaper fremdrift og har gjennomføringskraft og veit korleis ein førebur, set i gang og følgjer opp endringsprosjekt
  • har evne til strategisk planlegging
  • er dyktig på å motivere og utvekle gode strukturar for samarbeid

Kva får du hos oss?

Løn vurderest etter utdanning og erfaring. Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1060, med løn fra kr 864 500 pr. år til kr 1 047 600 pr. år (ltr. 81-88). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkarar, kan høgare løn avtalast.

Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Vi tilbyr og deltaking på:

  • Bufetat si eiga leiarskule 
  • leiarsamlinger for regionleiinga, leiarar regionalt og leiarar nasjonalt

 


Opplysningar til deg som søkjer
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagd til Bufetat, region vest, regionkontoret i Bergen.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Kontaktinformasjon

Regiondirektør Marianne Kildedal; tlf 450 65 450

Avdelingsdirektør Idar Krumsvik; 466 18 981

Søknad med CV og vedlegg skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drive etatens institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og deira familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
4304 følger dette firmaet

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 265030928
Sist endret 18. aug. 2022 11:51

Rapporter annonse