![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2024/3/vertical-5/11/4/2b4/a3d/20-/df9/9-1/1ee/-a1/4e-/eda/aa0/545/7d4_1905171974.jpg)
Controller økonomi og verksemdstyring
Bufetat
- Frist 05.06.2024
- Ansettelsesform Fast
Controller - økonomi og verksemdstyring
Bufetat, region vest har ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar ved Seksjon for verksemdstyring.
Vi ønsker oss ein økonom med vilje og evne til å arbeide sjølvstendig, som også kan vere ein som kjem med forslag til forbetring av prosessar eller nye måtar å gjennomføre analysar på. Analysar av økonomi- og aktivitetsdata og forbetra styring er eit satsingsområde, og du vil få samarbeide med dyktige medarbeidarar og leiarar i verksemda. Stillinga er lagt til Seksjon for verksemdstyring i staben på regionkontoret, og består av 11 tilsette.
Stillinga passer for den som ønsker å utvikle seg i controller-rolla, med vekt på datadrevet verksemdstyring i større organisasjonar.
Arbeidsoppgåver
Dette blir dine arbeidsoppgåver
- oppfølging av budsjett, regnskap og aktivitet ved månadleg rapportering
- analyse av økonomi- og aktivitetsdata relatert til prognoser og verksemdstyring
- oppgåver knytta til internkontroll, datakvalitet og avviksanalyse
- prosjektarbeid innan økonomi- og styringsfeltet saman med analyseteamet i seksjonen
- utarbeiding av budsjett for einingar og regionen i samarbeid med leiarar
- samarbeid rundt forbetring av arbeidsprosessar, herunder digitalisering av styringsverktøy og bruk av datavarehus
Kvalifikasjonar
Kva bakgrunn har du?
Du må ha:
- utdanning på mastergradnivå, som siviløkonom eller samfunnsøkonom
- relevant erfaring som økonom/controller, herunder økonomirapportering og budsjettarbeid (for tilsetting som rådgjevar)
- erfaring frå økonomisk analyse (rådgjevar)
- god digital kompetanse
Det er ein fordel å ha:
- relevant erfaring frå offentleg verksemd, og kompetanse innan økonomiregelverk til offentleg forvaltning
- god økonomi- og forretningsforståing med evne til å sjå samanhenger
- evne til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar
- erfaring i å presentere økonomidata
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter?
Du er:
- analytisk, sjølvstendig og med høy gjennomføringsevne
- strukturert, resultatorientert og faglig engasjert
- sterk på bruk av ulike dataverktøy, herunder Excel, Pivot og datavarehusbaserte løysingar
- god på samarbeid både i gruppa og i organisasjonen, og evner å bygge gode relasjoner
- god skriftleg og munnleg
- tillitsskapande og serviceorientert
- god på å framstelle økonomisk informasjon på ein lettfatteleg måte
Personlege eigenskapar vert tungt vektlagt ved vurdering av kandidatane.
Vi tilbyr
Kva kan me tilby deg?
- Meiningsfylt arbeid for deg som vil være med å jobbe med vårt viktige samfunnsoppdrag. Utfordrande og varierte oppgåver innafor eit fagområde under utvikling.
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1408 førstekonsulent, p.t. kr 524 700 - 604 900 pr. år (ltr. 53-62) eller som 1434 som rådgjevar, p.t. kr 584 500 - 667 700 pr. år (ltr. 60-68). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Moglegheit for trening i arbeidstida.
Opplysningar til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Seksjon for verksemdstyring i staben på regionkontoret i Bergen
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten, 5058 Bergen
- Bransje: Økonomi og regnskap, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap / Controller, Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
- FINN-kode 353987406
- Sist endret
Lignende annonser
![Sharecat Solutions AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/10/0/356/613/510_df65a5cc-cf97-40cd-b203-25c560224451.jpg)
![STIM logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/06/5/356/035/995_e2f087f4-177a-4fee-a2d6-a9d94fbb6fab.jpg)
![PELAGIA AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/15/0/353/178/800_4a0ecf87-7e74-47c8-b83e-5cc28f09aff0.jpg)
![Servicealliansen Vest AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-1/30/8/354/950/358_4e916d9c-8134-4fa9-8fa0-3fb4d29a5678.jpg)
![Shearwater GeoServices Norway AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/13/0/356/006/460_5f032bec-584a-489d-b061-10d6f929548b.png)
![Ascender logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-1/15/0/353/157/190_0e6e4b31-157b-4bf3-9b50-c485ea9c9c77.png)
![DOF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/05/1/355/858/521_c546443d-1831-4383-9151-be78bfc24180.jpg)
![VIEW Group logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-1/27/2/354/649/472_75e2abc2-77af-42c0-bfa2-2c9847400b1d.png)
![Ascender logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/12/8/356/910/298_fdc54241-0bda-4cb6-bf24-1d11d852a88b.png)
![TCO logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/24/0/354/225/210_fd56576c-b54b-48b8-a0e3-1205a413acdb.jpg)