Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Bufetat, region vest, har ledig ein fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved Stavanger Ungdomssenter, avdeling Lindøy. Arbeidstid på dagtid (fleksitid). Oppstart etter avtale.

Stavanger ungdomssenter er eit omsorgstiltak i Stavanger for barn og unge i alderen 13-18 år. Vi tek i mot ungdomar som har vedtak etter Lov om barnevernstenester §§ 5-1 og 3-2, og i nokre tilfelle §§ 4-1 og 4-2. Stavanger ungdomssenter skal gjennom traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi etablere trygge omsorgsrammar som legg tilrette for endring og utvikling. Senteret har to avdelingar; Lindøy og Våland.

På Stavanger Ungdomssenter er vi opptekne av at det vi driv med er forankra i gjeldande verdiar i Bufetat; respekt, åpenheit og deltaking. Du vil leie ei personalgruppe som har hjarte for ungdom og syn for faget. Vi tilrettelegg for utvikling, rettleiing og fagleg oppfølging i eit stabilt arbeidsmiljø.


Stillinga inneber at du må ha kompetanse på både barnevern og leiing som fagområde. Du må ha erfaring frå døgndrift.

Du vil bli utfordra på å levere godt innanfor oppdraget, samstundes som det forventastat du er ein pådriver og sentral bidragsyter med tanke på å utvikle organisasjonen i tråd med kvalitetskrav i eit kunnskapsbasert perspektiv.

Fordi du skal sette retning for avdelinga må du ha evne til å engasjere og motivere, parallelt med at du er både lyttande og handlekraftig.


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg ansvar for avdelinga, herunder planlegge og sikre effektiv turnusdrift gjennom året.
  • Fag- og personaloppfølging, samt ansvar for internkontroll.
  • Leie, motivere og følgje opp dei tilsette.
  • Sikre at avdelinga vert drifta innanfor dei administrative og økonomiske rammene, og rapportere i tråd med dette.
  • Følgje opp faglege føringar og sikre det i nedfelte rutinar og praksis.
  • Leia tiltaket sitt omsorgs- og utviklingsarbeid knytt til Traumebevisst omsorg og Målstyrt miljøterapi.
  • Sikre godt arbeidsmiljø saman med dei tilsette.
  • Kvalitetssikring av drift og arbeidsprosessar.
  • Sikre godt samarbeid internt og eksternt, blant anna med med familie, nettverk, kommune, skule og andre viktige instansar.

Kvalifikasjonar

Krav til stillinga:

  • Minimum fullført bachelor som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar (180 studiepoeng). Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
  • Relevant leiarerfaring, gjerne innan offentleg sektor samt institusjonsdrift.
  • Erfaring med personaloppfølging.
  • Meget god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Gode IKT ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
  • Førarkort for bil.

Det er ønskjeleg med:

  • Relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng eller master.
  • Erfaring frå kommunalt barnevern.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og omstilling.
  • Du står støtt når naudsynte endringar skal gjennomførast.
  • Engasjera og motivera medarbeidarar til kunnskapsbasert arbeid.
  • Positiv innstilling og løysingsorientert.
  • Analytiske ferdigheiter og evne til refleksjon.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert.
  • Du er robust i ein tidvis kompleks, travel og krevjande arbeidskvardag.
  • Personleg eignaheit vert tillagt vekt.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr 667 700 - 745 000 pr. år. (ltr. 68-74).
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Ein spanande arbeidsstad, med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
  • Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
  • Godt tverrfagleg miljø.

Informasjon til deg som søkjer

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda bedre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar, nyttar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Stavanger Ungdomssenter, avd Lindøy.
  • Politiattest må fremleggast ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.

Søknad med CV sendas elektronisk via link på denne sida.



Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, og tas med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor
Offentlig
Sted
Lindøy 1, 4013 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Avdelingsleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Haugstad Bø
Stillingstittel
Leiar
Telefon
46 61 96 55
Følg firma
4309 følger dette firmaet

Lindøy 1, 4013 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 348848712
Sist endret 16. apr. 2024 12:52

Rapporter annonse