Inaktiv

Spanande stilling som HR-rådgjevar

Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Spanande stilling som HR-rådgjevar
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Ved stab, seksjon HR, har vi ledig fast 100 % stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar.

Hjå oss vil du vere ein del av eit spanande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.

Vi søkjer deg som er nytenkande, handlekraftig og oppteken av fagutvikling. Vi ser etter ein kollega med høg omstillingsevne og grunnleggjande positiv haldning til utviklingsarbeid.

Arbeidsstad vil vere Solheimsviken i Bergen. Det må påreknast noko reiseverksemd.


Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar på HR har ein oppgåver innan heile HR-fagfeltet. Sentrale oppgåver er rådgjeving og rettleiing opp mot leiarlinja med omsyn til hele personalløpet. Rådgjevar deltek vidare i oppgåver knytt til implementering av nye rutinar, metoder eller verkty. Rådgjevar deltek også i planlegging og gjennomføring av organisatoriske prosessar t.d. knytt til omstilling eller arbeidsmijøutvikling.

Rådgjevar representerer regionen i ulike faglege prosjekt internt og eksternt, gjerne tverrfagleg og på tvers av regionane.

Vi tilbyr jobb i lærande miljø, innan eit krevjande fagområde som er i stadig utvikling. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, godt fagmiljø med gode høve til utvikling, rettleiing, fagleg oppfølging og spennande utfordringar i framtidig utvikling av Bufetat.

Sentrale oppgåver er:

  • Rådgjeving og rettleiing innan heile HR-fagområdet.
  • Støtte i rekrutteringprosessar.
  • Planlegging og deltaking i gjennomføring av ulike organisasjons- eller implementeringsprosessar.
  • Rådgjeving og oppfølging av HMS.
  • Rettleiing og støtte i personalsaker og sjukefråværssaker.
  • Opplæring av leiarar.
  • Prosjektleiing-/deltaking i tverrfaglege utviklingsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå innan til dømes HR, administrasjon og organisasjon, sosiologi, jus, leiing eller økonomi.
  • Søkjar med bachelorgrad med relevant vidareutdanning kan også bli vurdert.
  • Erfaring frå prosjektleiing, utviklingsoppgåver, prosessleiing og kontinuerleg forbetring.
  • Erfaring med organisasjonsutvikling og fagutvikling.
  • Minimum 5 år relevant HR- erfaring i arbeidslivet.
  • Gode norskkunnskapar og god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Gode IKT-kunnskapar og interesse og erfaring med dokumentasjon.

Personlege eigenskapar

  • Autonom og sjølvstendig.
  • Fleksibel, initiativrik og strukturert.
  • Både strategisk og operativt blikk.
  • Deler kunnskap og involverer andre.
  • Høg kapasitet og arbeidstempo.
  • Både sjølvstendig og teamarbeid.
  • Bidrar til et positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

Personleg eignaheit vert særleg vektlagt.

Me tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1434 som rådgjevar, p.t. kr 524 700 - 646 000 pr. år (ltr. 53-66) eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 624 500 - 796 600 pr.år (ltr. 64-77).
  • Avlønning og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særleg kvarlifiserte søkarar kan høgare avlønning vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, mulighet for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.


I tillegg kan me tilby:

  • Positivt arbeidsmiljø
  • Dynamisk miljø med proaktive kollegaer
  • Eit engasjert og spennande fagmiljø med fokus på fagutvikling.
  • Det er mogeleg å trene inntil ein time i veka i arbeidstida. Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enda bedre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Informasjon til deg som søkar

  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at me kan løyse oppgåvene våre endå betre. Derfor ynskjer me oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar me deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller me inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg me til rette for deg om du trenger det. Utanom å velge ut rett kandidatar bruker me ikke avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingen er for tida lagt til Stab, seksjon for HR.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Me kontaktar deg dersom ynskje ditt ikkje vert tatt til følge.

Send elektronisk søknad med CV via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik og tidsrom skal lastast opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt tas med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor
Offentlig
Sted
5058 Bergen
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
HMS,
HR, personal og rekruttering,
Kontor og administrasjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Rådgiver, Seniorrådgiver, Human Resources, Personal

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigrid Helleland
Stillingstittel
Seksjonsleiar HR
Telefon
46 61 89 47
Kontaktperson
Ellen Marit Ribland
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Telefon
46 61 89 65
Følg firma
4309 følger dette firmaet

5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 347052353
Sist endret 22. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse