Inaktiv

Er du vår nye fagkoordinator i turnus

Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Er du vår nye fagkoordinator i turnus
Frist
22.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Ein god barndom varar livet ut.

I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Vi ligg i front internasjonalt innafor våre fagfelt når det kjem til kunnskapsbasert praksis, der vi både bidreg til og praktiserer den aller siste forskninga.

Hos oss møter du ein arbeidskultur prega av åpen kommunikasjon og nytenkning. Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låser deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben. For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønskjer vi derfor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.


Om arbeidsstaden og stillinga:

I løpet av hausten 2024 vil Stavanger Akuttsenter avdeling Madla utvide antall akuttplassar. Vi treng derfor å tilsetje fagkoordinator i turnus, 100% stilling. Stillinga vil vere todelt og innehalde både oppgåver som miljøterapeut og meir administrative oppgåver i tett samarbeid med fagkoordinator i dagstilling og avdelingsleiar.

Stavanger akuttsenter, avdeling Madla tek imot ungdom plassert etter lov om Barnevern §§ 6-1 og 6-2/ 5-1. Vi har plass til 4 ungdomar i alderen 13-18 år.

Ungdomane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dagar. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak. Senteret har 2 institusjonsavdelingar og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar; ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.

Det å jobbe i akutten byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Stillinga er ledig for snarleg tilsetjing.

Stillinga vil bli lagt i turnus, med vekting 60% miljøterapi og 40% administrative oppgåver. Arbeid kveld og helg må ut fra dette påreknast.Endring i turnus må påreknast.


Arbeidsoppgåver

I Bufetat vil vi at du skal oppleve mestring, utvikling og arbeidsglede. Som ansatt hos oss vil du derfor få jevnleg og strukturert rettleiing frå psykologteam, leiar og kolleger.

For å lukkast i jobben treng du også gode verktøy. Hos oss vert det jobba med målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.

Vårt mål er å hjelpe ungdomane ved Stavanger akuttsenter med varig positiv endring i sine liv. For å lukkast er følgjande viktig:

  • Vi utførar godt endringsarbeid ved hjelp av miljøterapeutiske metodar og standardiserte forløp.
  • Vi sikrar tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, skule, helse og arbeid.
  • Vi bidreg til å ivareta rettsikkerheita til ungdomen ved hjelp av god dokumentasjon.

I denne stillinga vil du blant anna få jobbe med å:

  • Delta i det miljøterapeutiske arbeidet overfor ungdomane, samtidig som du som vil få tildelt særskilte ansvarsoppgåver knytt til meir overordna oppgåver i avdelinga.
  • Kartlegge den enkelte ungdomens behov og utarbeide individuelle planar ut frå faglege vurderingar.
  • Dokumentera vurderingar, korrigere planar og rapportera.
  • Ivareta og handtere ungdomane sine ulike smerteuttrykk og behov.
  • Initiere og bidra til godt samarbeid med ulike instansar som skule og helse, ungdomanes familiar og nettverk.
  • Delta i møter, opplæring og rettleiing.
  • Delta på aktivitetar som fremmar ungdomanes trivsel, mestring og utvikling.

Kvalifikasjonar

Krav til stillinga:

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B.

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri
  • Rettleiingskompetanse.
  • Kjennskap til traumebevisst omsorg.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som vert motivert av ansvar, arbeider sjølvstendig. Du framstår som trygg i alle typar situasjonar og som fagperson.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du har evne til å oppretthalde ein god struktur, eit fagleg perspektiv og å samarbeide i ulike team.
  • Du er løysingsfokusert, fleksibel og trivst med store utfordringar. Du har evne til hurtig omstilling.
  • For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.

For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Personlege eigenskapar vil bli tatt med i den totale vurderinga, og bli særleg vektlagde.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom eller 1508 vernepleier: kr 466 600 - kr 604 900 pr. år (ltr. 45-62).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarende 60 studiepoeng, kan det tilsettas i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1509 spesialutdanna vernepleier: kr 524 700 - kr 657 300 pr. år (ltr. 53-67), eller 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog: kr 532 200 - 657 300 pr. år (ltr. 54 - 67).
  • Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan vurderast for særskild kvalifiserte kandidatar.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar og internt opplæringsprogram.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avdeling Madla
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

    Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

    Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor
Offentlig
Sted
4045 Hafrsfjord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Sosionom,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arne Veivåg
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
46 61 88 13
Kontaktperson
Monika Høyer Haugland
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
47 84 40 74
Følg firma
4308 følger dette firmaet

4045 Hafrsfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 345743602
Sist endret 23. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse