Inaktiv

Einingsleiar Bjørgvin Ungdomssenter

Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Einingsleiar Bjørgvin Ungdomssenter
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Har du eit brennande engasjement for ungdom og eit ynskje om å medverke til å gjera ein skilnad for dei som treng det mest? Har du eit stort hjarte og ein vilje av jern? Klarer du å sjå "gullet" og moglegheiter sjølv i krevande situasjonar? Då er det kanskje nett deg me søkar etter som ny einingsleiar for Bjørgvin Ungdomssenter.

Om Bjørgvin Ungdomssenter

Bjørgvin Ungdomssenter er i dag ein institusjon med to avdelingar som har plass til 8 ungdomar i alderen 13-18 år. Ungdomane sin problematikk kjenneteiknes av alvorlege åtferdsvanskar og kor vedvarande rusmisbruk er den viktigaste utfordringa. Bjørgvin Ungdomssenter gjer tilbod om rusbehandling etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Me søkar no etter DEG med solid leiarkompetanse og med relevant røynsle og som blir motivert av å gjere ein skilnad for dei ungdomane som treng det mest. Og som saman med avdelingsleiarane, behandlingsleiarane og personalgruppa ynskjer å leie eininga vidare. Det er for tida tilsett ca 40 årsverk ved eininga.

Som ein del av senteret er regionens ressursmiljø for tryggleik og sikkerheit organisert og består av fire tilsette. Ressursmiljøet gir opplæring i korleis me jobbar systematisk med å førebygge og handtera konfliktsituasjonar i alle dei statlege barnevernsinstitusjonane i regionen og nokre private.

Bufetat region vest held på med mykje spennande utviklingsarbeid på institusjonsområdet. Me har behov for fleire plassar for ungdom med åtferdsvanskar, både langtidsplassar og akuttplassar. Ny leiar ved Bjørgvin Ungdomssenter kan få ansvaret for fleire avdelingar innanfor desse målgruppene.



Arbeidsoppgåver

Om stillinga

Som einingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for Bjørgvin Ungdomssenter. Det inneber at du:

  • har budsjett- og personalansvar for eininga
  • saman med leiargruppa skal sikre at eininga driftes forsvarleg og i tråd med behandlingsmetoden
  • bistår avdelingsleiarane og personalet til å stå i ein krevande arbeidskvardag ved å jobbe systematisk med opplæring og oppfølging av senteret
  • ivaretek god internkontroll på alle driftsområde og ta hand om einingas HMS-arbeid
  • medverkar til at eininga har eit godt fungerande samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar

Kunnskapsbaserte metodar

For å lykkast med oppdraget treng me gode verktøy. Me har gode fagmodellar for å ta hand om oppdraget vårt på institusjon for ulike målgrupper. Me medverkar blant anna med kompetansemiljø som Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge, NUBU, og har ein struktur med nasjonale spisskompetansemiljø. Me har og nasjonale og regionale rettleiingsstrukturar.

Kvalifikasjonar

Dette må du ha:

  • relevant mastergrad innan sosial- og helsefaga eller relevant master innan leiing. Relevant sosialfagleg bachelorutdanning kan også vera aktuelt i kombinasjon med 30 studiepoeng vidareutdanning.
  • minimum 15. stp innan leiing og administrasjon
  • relevant leiererfaring med personal-, fag- og økonomiansvar
  • gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • god kompetanse på bruk av digitale verktøy
  • førarkort klasse B

Dette ønskjer vi at du har:

  • røynsle fra arbeid med en kombinasjon av strategiske og operative leieroppgåvar
  • relevant vidareutdanning
  • rettleiingskompetanse
  • røynsle fra barnevernsverksemd, gjerne institusjonsbarnevernet
  • røynsle med, og kunnskap om målgruppa
  • røynsle med implementering

Personlege eigenskapar

Kven er du?

Du må like ungdomar som utfordrar, og du klarer å motivere deg sjølv og dei tilsette til å stå i krevande situasjonar.

For oss er det også svært viktig korleis du som person egner deg til jobben, der vi legger særleg vekt på tydelegheit, systematikk, gjennomføringsevne samt relasjonelle og inkluderende ferdigheiter. Derfor ser vi etter deg som kjenner deg igjen i følgjande:

  • du har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarane
  • du er analytisk, har god systemforståing, er resultatorientert og evner å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • du legg til rette for eit godt arbeidsmiljø
  • du er klok, modig og komfortabel i krevjande situasjonar og konfliktar

Vi tilbyr

  • Kva får du av oss?
  • Som leiar i Bufetat vil du få ein stabil og seriøs statleg arbeidsgjevar i ryggen. Me vil gjera vårt ytterste for at du skal lykkast i ditt leiarskap! Du vil bli ein del av eit større regionalt leiarnettverk som treffast 10 gangar i året, og vil få oppfølging og rettleiing frå din nærmaste leiar. Du blir ein del av eit dynamisk miljø med gode kollegaer og eit engasjerande og spennande fagmiljø med fokus på fagutvikling. Du vil og delta i spennande utviklingsarbeid som inneber å leie prosessar i eiga eining.
  • I tillegg til dette vil du som leiar hos oss, ha regionale ressursar som er støttefunksjonar opp mot eininga innanfor fag, økonomi og HR. Me i Bufetat er oppteken av å vere eit felles lag på tvers av funksjonar, einingar og arbeidsoppgåver under fanen "Me i Bufetat og me rundt dei sårbare barna".
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1493 leiar, med løn pt. kr. 692.400 pr. år til kr. 845.900 pr. år (ltr. 70-79). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild godt kvalifiserte kandidatar kan noko høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god teenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.


Informasjon til deg som søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.


Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.


Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor
Offentlig
Sted
Bønesstølen, 5058 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Einingsleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Therese Hope
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
46 61 55 99
Kontaktperson
Hilde Baardsen
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
46 61 90 81
Følg firma
4303 følger dette firmaet

Bønesstølen, 5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 345184683
Sist endret 8. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse