Miljøkoordinator
- Arbeidsgiver
- Kvam herad
- Stillingstittel
- Miljøkoordinator
- Frist
- 24.09.2023
- Ansettelsesform
- Vikariat
Vil du verta miljøkoordinator hjå oss i eitt år?
Kvam herad er i gang med å intensivera sitt eige arbeid innan energi- og klimaspørsmål. Miljøkoordinatoren skal motivera og engasjera dei tilsette innan energi- og klimaspørsmål. Me søkjer deg som brenn for ei bærekraftig utvikling og som kan hjelpa oss med å redusera klimagassutsleppa med inntil 55 % innan 2030 i høve til utsleppa i 1990.
Arbeidsoppgåver
- Miljøfyrtårnsertifisering av Kvam herad
- Oppfylgjing og gjennomføring av handlingsplan for energi og klima
- Gjennomføring av energi og klimaprosjekt i kommunen
- Opparbeida system og rutinar for berekraftige løysingar i kommuneorganisasjonen
- Arbeida med klimabudsjett og klimarekneskap
Kvalifikasjonar
- Det vert søkt etter ein person med mastergrad innan fornybar energi, økologi, biologi, geografi eller energi, klima og miljø eller liknande. Det kan og vera aktuelt med bachelorgrad innan dei same faga om du har praktisk erfaring i frå energi- og klimaarbeid.
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og engasjert
- Løysingsorientert
- Høg etisk standard
- Gode samarbeidseigenskapar
- Fleksibel
- Sjølvstendig
- Evnar å motivera andre til å gjera eit godt arbeid
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegar
- Arbeid på tvers i heile organisasjonen
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon / Kontorarbeid
Nøkkelord
Miljøfyrtårnsertifisering;Klimabudsjett-, og, rekneskap;1-årig, vikariat;Norheimsund;Hardanger
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Runa Kvamme Ekrem
- Stillingstittel
- Miljøkoordinator
- Telefon
- 45 87 60 23
- Kontaktperson
- Jon Nedkvitne
- Stillingstittel
- Sjef Samfunn Næring og Kultur
- Telefon
- 97 95 32 74
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund