Dagleg leiar
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd v/Fusa sokn
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
- Årslønn 550 000 - 650 000 kr
Ledig vikariat ved Fusa frivilligsentral
Vikariat som dagleg leiar i 100% stilling
Bjørnafjorden kyrjelege fellesråd v/Fusa sokn har ledig vikariat som dagleg leiar for Fusa frivilligsentral. Stillinga er 100% og er eit vikariat frå medio september 2026 (eller etter avtale) og om lag eit år, moglegvis ut 2027.
Vi søkjer ein medarbeidar med høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning og praksis. Det er ein fordel om du har kjennskap til frivilligsentralane sitt arbeid og har erfaring med arbeid med menneske. Du må kunne arbeide sjølvstendig og trivast med det, og det vert lagt stor vekt på at du er personleg eigna. Lokalkunnskap er eit føremon. Dagleg leiar har har ansvar for eige budsjett fastsett av sentralen sitt styre. Du må vera lojal mot Den norske kyrkja sitt verdigrunnlag. Du må ha førarkort og disponere bil.
For deg som vert tilsett vil frivilligsentralen kunne gje utfordrande og spennande oppgåver – oppfølging av eksisterande tiltak og nye oppgåver, som vert utforma i lag med styret for frivilligsentralen. For meir informasjon om sentralen sjå fusa.frivilligsentral.no eller Fusa frivilligsentral på Facebook. Dagleg leiar for Fusa sokn er næraste administrative overordna. Fusa frivilligsentral har lokaler/kontor på Fjord`n Nærsenter i Eikelandsosen.
Løn og tilsetjing etter avtale.
Fusa sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd, Bjørnafjorden kommune, Vestland. Fusa frivilligsentral (og Fusa sokn) dekkjer eit område som er geografisk likt med tidl. Fusa kommune og har arbeid i områda Strandvik, Vinnes, Fusa, Eikelandsosen, Holmefjord, Hålandsdalen, Sævareid, Baldersheim og Nordtveit.
Spørsmål kan rettast til dagleg leiar i Fusa sokn Hans Einar Markhus, tlf. 95936580, eller dagleg leiar i Fusa frivilligsentral Linda Cecilie Reigstad Matland, tlf. 90918735.
Søknad sendast snarast til Fusa sokn, postboks 73, 5649 Eikelandsosen / post.fusa@kyrkja.no
Intervju vil bli teke fortløpande med aktuelle kandidatar.
Søknadsfrist 07.06.2026
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Fusa sokn eig og driv Fusa frivilligsentral.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Fjord`n senter, 5640 Eikelandsosen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, På kontoret
- Bransje: Annet, Ideelle organisasjoner, Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kundeservice, Ledelse
Nøkkelord
dagleg leiar, frivilligsentral, vikariat, administrasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463463707
- Sist endret



