Utløpt

Kasa ungdomssenter søkjer etter fagleg robuste og rause miljøterapeutar.

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Miljøterapeut, 1 x 100 % fast
Frist
30.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om arbeidsstaden og stillinga

Ved Kasa ungdomssenter, avdeling Sandsli, er det ledig ei fast 100 % stilling som miljøterapeut.

Stillinga er p.t. i turnus, med arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus. Kasa Sandsli har for tida to-delt turnus.

Kasa Sandsli har ungdom frå 16 til 19 år som målgruppe, der ein har som eit spesielt fokusområde å gjera ungdom klar for overgang til eigen bustad.

Vi søker engasjerte og trygge vaksne som kan ivareta ungdomane. Hovudansvaret vil vere å bidra til å skape ein trygg kvardag for ungdomane.

Søknadar vil bli fortløpande behandla, og aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Søkarar som ikkje har kvalifikasjonar i tråd med krav vil ikkje bli vurdert.

I Bufetat vert det jobba etter eit kunnskapsbasert barnevern sett i høve til målgruppe og metodikk. I Kasa legg vi særskild vekt på traumebevisst omsorg i tilnærming og behandling. Traumebevisst omsorg ligg som den grunnleggjande forståinga i møte med ungdomane i Kasa. Det blir lagt stor vekt på å få til eit godt samarbeid med ungdomen og familie eller andre viktige personar. Kasa har og tett kontakt med andre instansar som skule, BUP eller andre helseinstansar. Det vert gjort samanhengande risikovurderingar på alle ungdomar.


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid.
  • Delta i utforming av, og følgje opp ungdomane sine einskilde planar.
  • Hovudkontaktansvar.
  • Legge til rette for, og delta i tett samarbeid med foreldre og andre eksterne samarbeidspartnarar.
  • Journal- og dokumentasjonsansvar.
  • Delta i praktiske gjeremål.

Kva slags bakgrunn har du?
  • Du må ha: fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.  
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • Det vert krevd førarkort for personbil.
  • Det vert lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, eller anna relevant arbeid med ungdom frå eksempelvis første- eller annenlinjetenesta.
  • Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå arbeid med Kasa Sandsli sin målgruppe og fokusområde.
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.
  • Det er ønskjeleg at du har kjennskap til "Rettighetsforskriften".

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som:

  • er løysingsfokusert, metodelojal og framstår som trygg i alle type situasjonar
  • er i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte
  • har gode evner til å bygge relasjon
  • kan gjennomføra risikovurderingar og iverksette tiltak etter behov, samt har evne til romslegheit, fleksibillitet og sjølvstende
  • har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag
  • er vant med med høyt arbeidstempo, og har gode eigenskaper knytt til å jobbe effektivt
  • er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk
  • har god fysisk og psykisk helse
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.


Kva får du hos oss?
  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar p.t. kr 435 600 - kr 544 400 pr. år (ltr. 45-59).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar,  kr 493 700 - kr 573 900 pr. år (ltr. 53 - 62) eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 501 200- 573 900 pr. år (ltr. 54 - 62). Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån med gunstig rente, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv

Opplysningar til deg som søker
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til KASA ungdomssenter, avd. Sandsli
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar Ronny Habbestad, tlf 466 19 631 

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drive etatens institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og deira familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.  

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

KASA ungdomssenter - Bergen skal gi institusjonstilbod til barn/unge i alderen 13-18 (20) år som av ulike grunnar treng eit opphald i institusjon. Opphaldet skal som utgangspunkt vere kortvarig, men i einskildtilfelle kan òg lengre opphald vera aktuelle. Målgruppa er definert som ungdom med alvorleg tilknytningsforstyrring frå tidleg barndom.

Bortsett frå tvangs- og akuttplasseringar skal KASA gi tilbod for alle andre plasseringsheimlar i barnevernlova. KASA skal etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling.

KASA har 5 avdelingar, geografisk spreidde, og med 3 eller 4 plassar på kvar. KASA samarbeidar med statlege fosterfamiliar for å gi eit heilskapleg tilbod med omsyn til stabilitet og kontinuitet for barnet/ungdommen.

Sektor
Offentlig
Sted
Aurdalslia 96, 5253 Sandsli
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

miljøterapeut, fast, turnus, Bufetat, sosionom

Følg firma
4333 følger dette firmaet

Aurdalslia 96, 5253 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 275893376
Sist endret 7. okt. 2022 09:37

Rapporter annonse