Utløpt

Har du eit særlig engasjement for sped- og småbarn i risiko? Då kan du vere den vi ser etter!

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Spesialutdanna miljøterapeut - fast 100 %
Frist
19.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om arbeidsstaden og stillinga

Ved Region vest senter for foreldre og barn, avdeling Sudmannske er det ledig ein 100 % stilling som spesialutdanna miljøterapeut/miljøterapeut. 50% av stillinga er fast og 50 % er i vikariat.
Stillinga gjeld frå snarast.

Stillinga inneber spennande oppgåver med nye utfordringar knytta til ny barnevernsreform og nasjonalt standardisert forløp for Senter for foreldre og barn.

Avdelinga er eit tiltak der ein jobbar både heimebasert, poliklinisk eller døgnbasert. Ansatte går i turnus, for tiden med inntil to seinvaktar i veka og arbeid kvar 6. helg. Det er eigne nattevakter, psykolog og øvrig fagpersonell ved tiltaket.

Stillingane er tillagt utgreiingsoppgåver som tilseier erfaring og kompetanse knytt til vurdering av samspel/ tilknytning mellom foreldre og barn 0 - 6 år.
Det er i hovudsak familiar med stor grad av bekymring det vert søkt om tiltak for, noko som fordrar høg kompetanse og god vurderingsevne.

Region vest senter for foreldre og barn har tre døgnavdelingar for foreldre og barn 0-6 år i Bergen, Stavanger og Førde. Bergen/Sudmannske har 7 utgreiings- og hjelpetiltaksplassar,

Tilbodet kan gis i døgn, heimebasert eller poliklinisk, og er lovregulert i Lov om barneverntenester § 4-3 og § 4-4, 2. ledd frå 1.1.22. Kommunal barnevernteneste er innsøkande instans.

Region vest er tillagt nasjonalt ansvar for spisskompetansemiljø for sped- og småbarn i risiko for omsorgssvikt (SKM), som er lagt til Senter for foreldre og barn. Ny barnevernreform trådte i kraft frå 1.1. 22 med spanande faglege oppgåver.

Turnus og oppgåver kan bli endra i tråd med det nye oppdraget.


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
  • Jobbe etter standardisert forløp i team med andre dyktige og erfarne fagfolk
  • Observera og gjere barnevernfaglege analyser og vurderinger av foreldre-barn samspel
  • Rettleiing av foreldre
  • Bruke aktuelle kartleggingsverktøy og rettleiingsmetodar
  • Samarbeid med foreldre, barneverntenester og andre aktuelle samarbeidspartar
  • Dokumentere arbeidet og skrive rapport med barnevernfaglege analyser, vurderingar og tilrådingar
  • Vitne i fylkesnemd/rettsapparat
  • Jobbe aktivt med fagutvikling og vera med å utvikle ei ny teneste
  • Praktiske oppgåver tilknytt tiltaket

Kva slags bakgrunn har du?
  • Bachelorutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar
  • Anna relevant treårig høgskoleutdanning kan vurderast
  • Ynskjeleg at du har eller har påbegynt master eller vidareutdanning 60 studiepoeng innan barnevern, sped- og småbarns psykiske helse, samspill/tilknytning, rus eller liknande
  • Erfaring frå kommunal barnevernteneste med vekt på utgreiing av omsorg for barn vil bli vektlagd
  • Erfaring frå arbeid med sped- og småbarn i risiko blir vektlagd
  • Det er ynskjeleg med observasjonserfaring knytt til barn og samspel foreldre- barn
  • Det er ynskjeleg med erfaring med metodikk/verktøy som er knytt opp mot utgreiingsarbeid med foreldre og sped-/ småbarn
  • Det er ynskjeleg med rettleiingskompetanse
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Sertifikat kl. B.

    Kven ser vi etter?

    Vi ser etter deg som:

    • har evne til å opparbeide gode relasjonar
    • er god til å samarbeide og jobbe i team
    • har god vurderingsevne
    • kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
    • har god skriftleg framstillingsevne
    • har positivt engasjement

    Kva får du hos oss?

    Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534  spesialutdanna miljøterapeut, p.t. med løn frå p.t. kr 478 300 - kr 573 900 pr. år (ltr. 51- 62), eller 1496 klinisk barnevernpedagog, klinisk sosionom, med løn frå p.t. kr 478 300 - 553 500 pr. år (ltr. 51 - 60) eller i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, p.t. kr 423 500 - kr 534 900 pr. år (ltr. 43- 58).

    Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

    Dessutan kan vi tilby:

    • Ein spennande arbeidsplass med gode faglege utviklingsmoglegheitar og gode kollegaer
    • Du vert ein del av nasjonalt spisskompetansemiljø for sped- og småbarn
    • Du får ta del i overgang til standardisert forløp for alle foreldre-barn sentra i 2022 i samband med ny barnevernsreform, der vi mellom anna skal jobbe tettare saman med kommunane i undersøkingsfasen etter Lov om barneverntenestar § 4-3

    Kontaktinformasjon

    Avdelingsleiar Cathrine Solvi Hammersland-Skjøndal

    cathrine.hammersland@bufetat.no

    Tlf. 466 19 722

    Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

    Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.


    Opplysningar til deg som søker
    • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
    • Stillinga er for tida lagt til Region vest senter for foreldre og barn, avdeling Sudmannske i Bergen.
    • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
    • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

    Om arbeidsgiveren

    Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.

    Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

    Region vest senter for foreldre og barn har tre døgnavdelingar for foreldre og barn 0-6 år i Bergen, Stavanger og Førde. Senter for foreldre og barn, avdeling Bergen/Sudmannske har 7 utgreiings- og hjelpetiltaksplassar, Stavanger har 3  utgreiings- og hjelpetiltaksplassar, og Førde har 3 utgreiings- og hjelpetiltaksplassar. 

    Tilbodet kan gis i døgn, heimebasert eller poliklinisk, og er lovregulert i Lov om barneverntenester § 4-3 og § 4-4, 2. ledd frå 1.1.22. Kommunal barnevernteneste er innsøkande instans.

    Senteret har eit PMTO-team med terapeutar i Bergen og Stavanger, som gir eit behandlingstilbod til familiar med barn som har åtferdsvanskar, jf. § 4-4, 2ledd.

    Region vest er tillagt nasjonalt ansvar for spisskompetansemiljø for sped- og småbarn i risiko for omsorgssvikt (SKM),som er lagt til Senter for foreldre og barn.

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Feråsveien 13, 5251 Søreidgrend
    Bransje
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Barnevernspedagog,
    Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
    Sosionom
    Følg firma
    4303 følger dette firmaet

    Feråsveien 13, 5251 Søreidgrend

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 275809005
    Sist endret 5. okt. 2022 16:49

    Rapporter annonse