Utløpt

Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for at ungdom skal få eit godt fagleg tilbod!

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Sandnes ungdomssenter søker etter miljøterapeut med eit særleg ansvar for oppfølging av fag
Frist
11.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om arbeidsstaden og stillinga

Sandnes ungdomssenter er i ein spennande utvikling kor me skal iverksette ein ny evidensbasert modell: Omsorg- og endringsmodellen (OEM). Modellen byggar på kognitiv terapi og dialektisk åtferdsterapi (DBT). 

I samband med dette treng me ein miljøterapeut på kvar avdeling som skal ha eit særleg ansvar for oppfølging av det faglege arbeidet som skal utførast, og dokumentasjon.

Vi har derfor ledig ei fast 100 % stilling som miljøterapeut med ansvar for oppfølging av ny fagmodell.

Stillinga inneber turnusarbeid, p.t. kvar tirsdag og ei helg kvar 4. uke. Ellers dagtid. Arbeidsoppgåver er på lik linje med øvrig miljøterapeutpersonal. Det er lagt opp til fridag i tilknytning til helg, kor ein ikkje arbeidar. 

Turnus kan avvika noko frå det som no er blitt satt opp. 

Sandnes ungdomssenter ligg i Sandnes kommune med nydeleg utsikt utover Sandnes og Stavanger. Eininga er ei omsorgsinstitusjon med to avdelingar og 8 plassar. Ei avdeling er for barn mellom 8 og 13 år, mens den andre er for ungdom mellom 13 og 18 år. Det er 4 plassar på kvar avdeling.

Stillinga vil bli knytta opp til barneavdelinga. I Rogaland finst berre ei avdeling med denne målgruppa. I denne målgruppa er det stor mulighet for utvikling- og endringsarbeid. Dette er ei målgruppe som ynskjar og søkjar vaksen kontakt, noko som gjer arbeidet ekstra meiningsfullt og inspirerande. Barnevernlova §§ 4-4 og 4-12 dannar grunnlag for plassering hos oss.

Å jobba ved Sandnes ungdomssenter inneber spennande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Det er også god moglegheit for fagleg utvikling.

For meir informasjon om institusjonen, gå til vår heimeside (https://bufdir.no/Barnevernsinstitusjoner/Sandnes_ungdomssenter/).


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
  • Nært samarbeid med avdelingsleiar. Avdelingsleiar vil og vere ein aktiv deltakar i møter og i arbeidet i forhold til OEM, samt følgje opp planarbeidet og tilsette som treng bistand for å meistra bruken av OEM i det daglege.
  • Oppfølging og kvalitetssikring av fagleg planarbeid i samarbeid med leiar, spisskompetansemiljøet, psykolog, ungdom og hovudkontaktar.
  • Rettleiing av miljøpersonale i fag, metode og verktøy. Rettleiinga som gis vil byggje på tilbakemeldingar frå vekentlege møter med spisskompetansemiljøet og/eller psykologspesialist. 
  • Samarbeid med familie og nettverk, kommune, skule, helse og andre viktige instansar kan verte aktuelt.
  • Dagleg oppfølging av ungdommar og ferdighetstrening som vert sett opp for ungdommar på ettermiddagstid.

Kven ser vi etter

Vi søkjer deg som har:

  • Evne til å ta ansvar, er strukturert og tålmodig.
  • Evne til å sjå samanhengar mellom teori og praktisk arbeid.
  • Evne til å sjå utfordringar og vurdere forslag til løysingar.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Evne til å legge til rette, planlegge og følge opp tiltak som er eller skal bli iverksatt.
  • Evne til å ta i mot rettleiing, overføre den til fleire situasjonar og ta i bruk rettleinga i det daglege arbeidet.
  • Er fagleg engasjert og interessert.

Personalgruppa si samansetjing og at søkjaren er personleg eigna, vil bli vektlagd i tilsetjinga.


Kva slags bakgrunn har du?
  • Det vert kravd minimum treårig høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkarar med anna relevant 3-årig utdanning kan vurderast, som til dømes sjukepleiar, psykologi eller anna relevant bachelorgrad.
  • Det er ein fordel med relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, til dømes innan rettleiing, rus og psykiatri eller barnevern.
  • Det er ein fordel med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller psykiatri.
  • Det er ynskjeleg med rettleiar og/eller leiar erfaring.
  • Det er ein fordel med kjennskap til DBT og traumebevisst omsorg.
  • Krav til god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.
  • Førarkort klasse B.

Me tilstrebar ei lik kjønnsfordeling blant våre tilsette. Dette med bakgrunn i gitte føringar i Rettigheitsforskrifta. På bakgrunn av dette oppmodar me menn til å søkje.


Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom eller 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut i p.t. kr 423 500-544 400 pr. år (ltr. 43-59).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1509 spesialutdanna vernepleiar, p.t. kr 478 300-573 900 pr. år (ltr. 51-62) eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 501 200 - 573 900 pr. år (ltr. 54-62).
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån på konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
  • Opplæring/innføring i Omsorg- og endringsmodellen
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Turnustillegg kjem i tillegg til grunnløn
  • Alle stillingane inneber arbeid kvar 4. helg

Kontaktinformasjon

Siv A. Sande, tlf:  466 19 855

e-post: siv.a.sande@bufetat.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.


Opplysningar til deg som søker
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at me kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker me oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller me inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker me ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Sandnes ungdomssenter.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Me kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen. 

Sandnes ungdomssenter er ein institusjonseining for barn og ungdom. Me tek i mot ungdom etter Lov om barneverntjenster §§ 4-12 og 4-4. I nokre tilfeller tek me og i mot akuttplasseringar, § 4-6. Me har to institusjonsavdelingar med plass til totalt 8 ungdommar i alderen 8-18 år. Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø, godt fagmiljø med gode høver for utvikling, rettleiing, fagleg oppfølging, samt mange utfordringar.

Sektor
Offentlig
Sted
Mindeveien 8, 4327 Sandnes
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom
Følg firma
4321 følger dette firmaet

Mindeveien 8, 4327 Sandnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 274701464
Sist endret 27. sep. 2022 16:11

Rapporter annonse