Utløpt

Sentral stilling ved seksjon fagleg støtte i Bergen Vi søkjer kollega med særleg interesse og kompetanse innan familievernrelaterte oppgåver

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Frist
13.02.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om stillinga og arbeidsstaden

Ved Seksjon for faglig støtte har vi ledig fast, 100 % stilling, som seniorrådgjevar.

Hos oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse. Stillinga er søkt ut med atterhald om midler over statsbudsjettet for 2022 og framover.

Regionen har over tid hatt ei stor satsing på fagleg utvikling og held fram arbeidet med å auke kvaliteten i tenestetilbodet. Dette skjer både internt i regionen og i nært samarbeid med ulike spisskompetansemiljø. 

Medarbeidarane i seksjon for fagleg støtte er ein del av staben til regionleiinga i Bufetat, region vest. Staben utarbeider saksframlegg for regionleiinga, tek del i koordineringsoppgåver, planlegging og rapportering, samt støttar einingane i Vestland og Rogaland.


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
  • Analyseoppgåver og fagutviklingsplaner
  • Prosjektleiing
  • Oppfølging av eksterne meklarar
  • Rapportering
  • Familieråd i familievernet, mekling og samværsordninger
  • Du vil bistå i oppfølging og vidareutvikling av kompetanseplanar, styring og faguvikling
  • Samarbeid med avdelingsdirektør - leiarstøtte
  • Koordinering, fagutvikling og samarbeid med andre i fagleg støtte
  • Du vil ha kontakt med ulike samarbeidspartnarar

Det er viktig at du har stor arbeidskapasitet, er fleksibel og har vilje til å delta i og på tvers av oppgåver tilknytta regionkontoret. Andre oppgåver kan påreknast.

Arbeidsstad vil vere Bergen, men arbeidet kan føre med seg noko reising. 


Kva slags bakgrunn har du?

Det vert krevd:

  • Mastergrad, gjerne etter fullført bachelor som barnevernspedagog, vernepleiar, sosionom eller tilsvarande
  • Andre mastergrader kan og vere aktuelle
  • Erfaring frå plan - og fagutgreiing på seniorrådgjevarnivå, svært god skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn, unge, familier
  • Solid digital kompetanse og interesse

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring frå analytisk fagutviklingsarbeid, samt god arbeidskapasitet og evne til sjølvleiing
  • Familieterapeutisk/ systemisk forståing og fordypning 
  • Prosjektleiarerfaring 
  • Saksbehandlingserfaring frå offentleg sektor 

Kva får du hos oss?
  • Stillinga  er plassert i statlig lønsregulativ i stillingskode 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 543 500 - 689 600 pr.år (ltr. 60-73). Ved særskild kvalifiserte søkarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

I tillegg kan vi tilby:

  • Eit godt og spennande fagmiljø med fokus på fagutvikling.
  • Høve til å trene inntil ein time i veka, i arbeidstida.
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer. 
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda bedre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Opplysningar til deg som søkjer
  • Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er p.t. lagt til seksjon for fagelg støtte.
  • Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Kontaktinformasjon

Avdelingsdirektør Stig Arne Thune, tlf 95025812 - epost: stigarne.thune@bufetat.no

 

Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor og ulike hjelpetiltak. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Ved regionkontoret  i Bergen, finn ein nærare 200 dedikerte medarbeidarar. 

Seksjon for faglig støtte har blant anna ansvar for godkjenning og kvalitetssikring av private og kommunale barnevernsinstitusjonar, juridisk rådgjevning, standardiserte forløp og behandling av søknader om adopsjon. Seksjonen har også ansvaret for faglege utgreiingar etter oppdrag frå regiondirektøren, og skal representere regionen i ulike faglege prosjekt. 

Familievernet i Noreg står framom spanande endringar innan tenesteutvikling, brukerorienterte tenester, ulike standardiserte forløp og kostnadseffektive prosessar med høg kvalitet.

Leiinga ønskjer å styrke kapasitet for strategisk og fagleg utvikling av familievernet i region vest.

Sektor
Offentlig
Sted
Solheimsgata 11, 5058 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Omsorg og sosialt arbeid
Følg firma
4329 følger dette firmaet

Solheimsgata 11, 5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 246326462
Sist endret 27. jan. 2022 14:44

Rapporter annonse