Utløpt

Ønskjer du å hjelpe barn og familiar gjennom terapeutisk arbeid?

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Psykolog/ psykologspesialist/ familieterapeut
Frist
30.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Om stillinga

Ved Familiekontora for Sunnfjord og Sogn er det ledig ei fast 100 prosent stilling som psykolog/ psykologspesialist/ familieterapeut med tiltreding snarast. Hos oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.

Stillinga er for tida lagt til Familiekontora for Sunnfjord og Sogn, avdeling Førde. Den som vert tilsett i stillinga, må pårekne å arbeide noko ved lokasjonen i Sogndal ved behov.

Ved kontoret i Førde er det 6,5 terapeutstillingar. Avdelinga dekkjer kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, den sørlege delen av Kinn (tidlegare Flora kommune), Solund og Sunnfjord. Ved kontoret i Sogndal er det 3 terapeutstillingar. Denne avdelinga dekkjer kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.


Kva får du jobbe med hos oss?
  • Rådgjeving og terapeutisk arbeid med par, enkeltpersonar og familiar som opplever vanskar, konflikter eller kriser og som ønskjer hjelp med relasjonelle forhold. Familiar med born har prioritet, og born deltek i aukande grad i samtalar på kontoret.
  • Mekling etter Lov om ekteskap og Lov om barn og foreldre.
  • Tilsynsoppgåver ved foreldre sitt samvær med born, når det er fastsett av retten at det skal være samvær med støttande tilsyn.
  • Utadretta arbeid i form av undervisning, kurs- og gruppetilbod.
  • Deltaking i intern fagutvikling.

Kva slags bakgrunn har du?
  • Du må ha godkjenning som psykologspesialist, eventuelt profesjonsutdanning i psykologi og offentleg godkjenning som psykolog.
  • For familieterapeut er det krav om fullført 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning og minimum 60 studiepoeng vidareutdanning i familieterapi. Annan relevant vidareutdanning, saman med relevant praksis, kan bli vurdert.
  • Det er ønskjeleg at du har klinisk arbeidserfaring frå arbeid med born og familiar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Kven ser vi etter?
  • Du har god evne til fagleg refleksjon.
  • Du har gode evner til samarbeid, fleksibilitet, og til å kunne jobba både sjølvstendig og i team.
  • Du har god arbeidskapasitet og interesse for å møta faglege utfordringar.
  • Det vert lagt stor vekt på om søkjarane er personleg eigna, og det vert teke omsyn til samansetjing av fagteamet ved kontoret.

Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1304 psykolog med godkjend spesialitet, p.t. kr 715 900 - 801 300 pr. år (ltr. 75 - 79), stillingskode 0794 psykolog, p.t. kr 594 300 - 650 300 pr. år (ltr. 65 - 70) eller i stillingskode 0795 spesialpsykolog,  p.t. kr 626 100 - 715 900 pr. år (ltr. 68 - 75). For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
  • Stilling som familieterapeut er plassert i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, lønnsramme 18, alt. 11, p.t. kr 563 900 - 583 500 pr. år (ltr. 62-64), eller stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1185 spesialutdanna sosionom, 1508 spesialutdanna vernepleiar  eller 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, lønnsramme 18, alt. 9-11, p.t. kr 534 400 - 583 500 (ltr. 59-64).
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Vi kan også tilby:
    • høve til å trene ein time pr. veke i arbeidstida
    • fleksibel arbeidstid innanfor bestemte rammer
    • varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø
    • gode moglegheiter for kurs- og kompetanseheving

Opplysningar til deg som søkjer
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeiderarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Familiekontora for Sunnfjord og Sogn.
  • Politiattest må framleggjast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikkje blir tatt til følge.

Kontaktinformasjon

Einingsleiar Mari Jonstad Baardsen, tlf. 951 51 628

Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju eller leggjast ved elektronisk.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor
Offentlig
Sted
Storehagen 1B, 6800 Førde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Psykolog,
Sosionom

Nøkkelord

familieterapeut, familievernkontor, psykolog, pyskologspesialist, sosionom

Følg firma
4303 følger dette firmaet

Storehagen 1B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 234355951
Sist endret 6. okt. 2021 11:11

Rapporter annonse