Saksbehandlar
- Søknadsfrist 25.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Saksbehandlar
Vil du arbeide som saksbehandlar i ein jordskifterett? Hjå oss får du ansvar for eigne oppgåver, samtidig som du arbeider tett saman med fagleg sterke kollegaer med eit stort engasjement for domstolane.
Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med ca. 230 tilsette. Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedommar, organiserer felles bruk av eigedommar, klargjer rettsforhold og grenser til fast eigedom, og ei rekke skjønn. Du kan lese meir på www.domstol.no/jordskifterettene.
Som saksbehandlar får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver, som å førebu, leggje til rette for og etterbehandle saker i nært samarbeid med jordskiftedommarane. I løpet av arbeidsdagen har du kontakt med partar, advokatar og andre profesjonelle aktørar. Di rolle er viktig og du bidreg til at sakene blir gjennomførte på ein effektiv og profesjonell måte til beste for brukarane av jordskifteretten.
Her er ingen dag lik, og din innsats er heilt nødvendig for at vi kan gjennomføre rettsakene. Sjå korleis tilsette i jordskifteretten presenterer stillingane sine på www.domstol.no/no/jobb-i-domstolene/jordskifterettene.
Møre og Romsdal jordskifterett har rettsstadar i Ørsta, Molde og Surnadal og denne stillinga er knytt til rettsstaden i Ørsta. Domstolen blir leia av eindomstolleiar og har i dag seks jordskiftedommarar, ein dommarfullmektig, åtte tekniske utgreiarar og tre saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Møre og Romsdal jordskifterett dekkjer alle kommunane i Møre og Romsdal samt Rindal kommune i Trøndelag.
Arbeidsoppgaver
Saksbehandlarane har ein kvardag med varierte oppgåver, som i perioder kan vere hektisk og krevjande.
Arbeidsoppgåvene er:
- Arbeid knytt til førebuing, gjennomføring og etterarbeid av rettsaker - i samarbeid med dommar og ingeniør
- Kommunikasjon med eksterne aktørar og andre brukarar - mellom anna bidra til aktiv saksstyring og sakshandsaming
Saksbehandlarane er domstolen sin førstelinje og du vil derfor få ein del kontakt med publikum. Vi jobbar med stadig forbetring av rutinar og bruk av ny teknologi. Du vil vere ein viktig bidragsytar inn i dette arbeidet. I tillegg har i dag saksbehandlar i Ørsta ansvaret for innregistrering av fysisk post som kjem til domstolen.
Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg etter domstolen sine behov.
Kvalifikasjoner
For å bli saksbehandlar bør du ha følgjande kompetanse:
- utdanning på bachelornivå, fortrinnsvis med fag innan administrasjon og samfunnsfag, juss eller IT, eller ha fagbrev i kontor- og administrasjonsfag
- relevant arbeidserfaring frå saksbehandling
- gode digitale ferdigheiter, interesse for ny teknologi og evne til å sjå molegheiter i digitale prosessar og verktøy
- god skriftleg og munnleg fremstillingsevne på norsk
Personlige egenskaper
- Du arbeider sjølvstendig og strukturert.
- Du yter service og opptrer på ein objektiv og tillitsvekkjande måte overfor partane i sakene.
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du kan delta i dialog med partar, private og offentlege instansar på ein god og forståeleg måte.
- Du er kvalitetsmedviten, nøyaktig og løysningsorientert.
- Du taklar ein travel kvardag med mange ulike oppgåver og mange baller i lufta.
Vi tilbyr
I tillegg til ein jobb som er viktig for både enkeltpersonar og samfunnet får du:
- molegheita til å utvikle både domstolen og deg sjølv
- eit godt tverrfagleg miljø
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- ulike tilbod om relevant kompetanseheving
- fleksibel arbeidskvardag med fleksitid, og trening i arbeidstida
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønt som førstekonsulent (kode 1408)/rådgivar (kode 1434) etter Hovedtariffavtalen, avhengig av din kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- Juss
- Kontorledelse
- Saksbehandle søknader
- Samfunnsfag
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som samfunnet sin viktigaste konfliktløysar er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri samfunnet sine krav og forventningar.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn bygd på tillit. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfallet. Hos oss kan kvar og ein få avgjort saka si, setje strek og kome seg vidare.
Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Domstolane arbeider med komplekse og varierte juridiske problemstillingar.
Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd når det gjeld moglegheita for å bli unnateken frå denne.
Mangfald i Noregs domstolar
Det er viktig at dei tilsette i Noregs domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer derfor å rekruttere fleire medarbeidarar som har fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gi oss viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget. Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på arbeidsgiver.dfo.no.
- Sted: Strandgata 5, 6150 Ørsta
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
Spørsmål om stillingen
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 478105966
- Sist endret:
- Org.nr.: 984195796Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

