FINNJobbSøkMøre og RomsdalØrsta
Bilde fra arbeidsgiver
Lånekassen logo
Lånekassen
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Saksbehandlar

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Ørsta
  • Søknadsfrist 18.10.2026
  • Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig
  • Antall stillinger 3 stillinger

Kortversjonen

Saksbehandling innen tildeling og tilbakebetaling av utdanningsstøtte, samt informasjon og veiledning til kunder på telefon.

Kvalifikasjoner

  • Høyere utdanning på minimum bachelornivå
  • Gode ferdigheter i bruk av ulike IT-verktøy
  • God skriftlig og muntlig framstillingsevne på norsk
  • Erfaring med saksbehandling eller administrative oppgaver er en fordel
  • Godt kjennskap til utdanningssystemet i Norge er en fordel

Hva vi tilbyr

  • Lønn mellom 540 000 og 615 000 kroner
  • Fleksibel arbeidstid og sommertid
  • Mulighet til en time trening i arbeidstiden per uke
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • God opplæring og oppfølging med fadder
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vil du vere med og gjere utdanning mogleg?

Kanskje har du sjølv eller nokon du kjenner, fått studiestøtte av Lånekassen? Dei fleste av søknadene vi får inn blir behandla automatisk, men nokre av dei må vurderast av ein av våre dyktige saksbehandlarar. No kan du bli ein av dei som behandlar søknader og svarer på spørsmål om lån, stipend og tilbakebetaling. Vi skal tilsette nye saksbehandlarar til kontoret vårt i Ørsta– har du lyst til å gjere utdanning mogleg?

Viktig å vite for deg som søker

  • Du treng ikkje skrive søknadsbrev når du søker på denne jobben.

  • Du vil få fleire spørsmål som du må svare på i søknadsportalen, og desse spørsmåla erstattar søknadsbrevet.

  • Det er også viktig at du fyller ut CV i søknadsportalen utfyllande, slik at vi får eit rett bilete av den erfaringa du har (du treng ikkje å laste opp CV som eige vedlegg).

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling innanfor tildeling og tilbakebetaling av utdanningsstøtte.

  • Noko informasjon og rettleiing til kundar på telefon (andrelinje).

I Lånekassen har vi fleire typar stipend og lån, og ulike ordningar for dei som betaler tilbake på studiegjelda. Det gjer at vi har eit omfattande regelverk, som krev nøyaktige saksbehandlarar som klarer å sette saman informasjon og opplysingar frå kundane til å fatte riktige vedtak.

Vi tar atterhald om endringar i arbeids- og ansvarsområde.

Om deg

Vi trur du vil trivast best med oss om du er nøyaktig, strukturert og liker å jobbe med detaljar. Oppgåvene du handterer er ofte komplekse og krev derfor at du kan sette deg inn i eit omfattande regelverk, og heldigvis blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø. Du arbeider sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver, men samarbeider også godt med andre når det er nødvendig. Du set deg raskt inn i både tekniske løysingar og endringar i regelverk, og kan omstille deg dersom det skulle oppstå situasjonar som krev det. Du er flink til å prioritere arbeidsoppgåver i ein hektisk arbeidskvardag.

Dette gjer deg kvalifisert til stillinga

Du må ha

  • høgare utdanning frå universitet eller høgskole på minimum bachelornivå

  • gode ferdigheiter i bruk av ulike IT-verktøy/program

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

I tillegg ser vi etter deg som har

  • noko erfaring med saksbehandling og/eller administrative oppgåver

  • god kjennskap til utdanningssystemet i Noreg.

Vi legg vekt på personleg eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Vi har eit stort hjarte for samfunnsoppdraget om å gjere utdanning mogleg. Hos oss får du engasjerte og fagleg sterke kollegaer.

I Ørsta blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som er svært opptatte av kundane våre. Vi held til i lyse og fine lokale i Ørsta Torg, med kort avstand til sentrum, kollektivtrafikk og parkeringsplassar. På huset har vi treningsrom, ideelt for dei som tar trimmen rett før eller etter arbeidstid. Vi er opptatte av arbeidsmiljø og har ein del sosiale aktivitetar. Vi er i dag 37 tilsette på Ørstakontoret.

Vi veit at ein god balanse mellom arbeid og fritid er viktig for at du skal trivast og yte ditt beste, og vi veit at livet har ulike fasar. Derfor legg vi til rette for ein fleksibel arbeidskvardag. Hos oss er du velkomen på kontoret kvar dag, men med moglegheit for å jobbe inntil to dagar i veka heimanfrå.

I tillegg kan vi tilby:

  • god opplæring og oppfølging med fadder

  • fleksibel arbeidstid og sommartid

  • moglegheit til 1 time trening i arbeidstida per veke

  • eit sosialt og hyggeleg arbeidsmiljø prega av trivsel og samarbeid

  • to prosent av løna di blir trekt for medlemskap i Statens pensjonskasse med gode forsikrings-, låne- og pensjonsordningar

Du vil bli tilsett som 1408 Førstekonsulent med lønsplassering frå 540 000 - 615 000 kroner, avhengig av utdanning og erfaring.


Mangfaldig og inkluderande arbeidsliv
Vi er opptatte av at våre kollegaer representerer heile befolkninga, og oppfordrar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søke. Du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Treng du tilrettelegging, ivaretar vi det.

Praktiske opplysningar
Du treng ikkje skrive søknadsbrev når du søker på denne jobben. Du vil få fleire spørsmål som du må svare på norsk i søknadsportalen, og desse spørsmåla erstattar søknadsbrevet. Du treng ikkje å legge ved CV som eige vedlegg, men det er viktig at du fyller ut CV i søknadsportalen utfyllande slik at vi får eit rett bilete av den erfaringa du har. Du må legge ved karakterutskrift og attestar elektronisk i søknaden. Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B2. Dette gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du forklare dette i søknadsskjemaet. Opplysningane kan bli gjort offentlege sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, men du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Ferdigheter AI-generert

  • Forstå, skrive og lese norske tekniske dokumenter
  • Saksbehandle søknader

Om arbeidsgiveren

Vi gir alle like muligheter til å ta utdanning. Kunnskap er en viktig forutsetning for utvikling og demokrati. I over 75 år har Lånekassen vært en bærebjelke for det samfunnet vi har i dag - det skal vi også være i fremtiden.

Vi er små, men likevel store. Med omtrent 400 engasjerte ansatte og 1,2 millioner kunder, kan du være med å påvirke hvordan vi skal løse oppdraget vårt på best mulig måte, samtidig som du får jobbe innenfor et stort og viktig samfunnsområde.

  • Antall stillinger: 3
  • Sted: Vikegata 25, 6150 Ørsta
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Kundeservice, Saksbehandler

Videospiller

Nøkkelord

saksbehandling, studiestøtte, veiledning, stipend, utdanning

Spørsmål om stillingen

MA

Marianne Aspehaug

Gruppeleder

90 20 93 06Kopier telefonnummer 90 20 93 06
LA

Laila Aarset

Regiondirektør, Avdeling for saksbehandling

99 36 64 29Kopier telefonnummer 99 36 64 29

Firmaets beliggenhet

Vikegata 25, 6150 Ørsta

Kart
Søknadsfrist: 12 dager igjen

1777 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Lånekassen logo

Lånekassen

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
  • Hvordan er det å jobbe i Lånekassen?
  • Følg oss på LinkedIn
Jobb hos oss

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 477654889
  • Sist endret: 30.9.2026, 15:03
  • Org.nr.: 960885406Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse