Reiselivssjef
- Søknadsfrist 20.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk, Engelsk
- Sektor Privat
Vil du leie reiselivet i Sognefjorden?
Vil du leie utviklinga av eit av verdas mest spektakulære reisemål?
Sognefjorden er eit reisemål i verdsklasse. Her finn du fjordar, brear, fjell, levande bygder og opplevingar som trekkjer reisande frå heile verda.
Regionen har eit stort potensial for auka heilårsturisme og lokal verdiskaping. Sognefjorden er ikkje berre eit av Noregs sterkaste reiselivsmerke, det er òg ei av dei mest ettertrakta naturopplevingane i verda.
No søkjer vi deg som vil ta Sognefjorden inn i neste kapittel: frå sesongturisme til heilårsarbeidsplassar, frå potensial til resultat.
Dette er ein jobb for deg som vil byggje vidare på eit sterkt fundament, og som ønskjer å skape utvikling, ikkje berre forvalte det som allereie finst.
Om stillinga
Som reiselivssjef er du dagleg leiar for Visit Sognefjord AS, med ansvar for strategi, drift, økonomi, folk og resultat.
Du rapporterer til styret, men eig gjennomføringa, mellom anna av Masterplan for reisemålet Sogn mot 2030.
Du skal samle reiselivsbedrifter, sju kommunar og ei rekkje andre aktørar om ei felles retning. Du blir òg ein viktig representant og talsperson for Sognefjorden, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Arbeidsstad er fleksibel innanfor Sognefjordregionen. Vi ønskjer ein reiselivssjef som er tett på reiselivet, medlemsbedriftene og kommunane, og som er til stades og synleg i regionen.
Dine viktigaste ansvarsområde blir:
Leie og forme retninga til selskapet, strategi, økonomi og resultat
Drive Masterplan Sogn 2030 framover, samle næring og kommunar
Byggje ein sterkare forretningsmodell: partnarverdi, finansiering, marknad og sal
Leie arbeidet med berekraft, besøksforvaltning og fleire heilårsarbeidsplassar
Ha ansvar for merkevare, marknadsføring, sal, presse og internasjonal posisjonering
Representere Sognefjorden regionalt, nasjonalt og internasjonalt
Vi ser etter deg som:
Er ein trygg og samlande leiar med kommersielt blikk, som held strategisk kurs og samstundes får ting gjort
Forstår samspelet mellom næringsliv, politikk og lokalsamfunn, og evnar å få ulike interesser til å dra i same retning
Er strukturert på økonomi og ressursar, men modig nok til å prioritere og ta val når det trengst
Er ein tydeleg og engasjerande formidlar som folk lyttar til
Har sterk gjennomføringskraft og trivst med å skape resultat saman med andre
Kompetanse og erfaring
Relevant høgare utdanning, eller solid leiarerfaring som kompenserer
Dokumenterte resultat frå leiing med ansvar for strategi, økonomi og folk
Erfaring med å omsetje ambisjonar til konkrete resultat
God forretningsforståing og erfaring frå samarbeid mellom privat og offentleg sektor
Flytande norsk og engelsk; nynorsk-kompetanse er eit pluss
Erfaring frå reiseliv, reisemålsutvikling eller medlemsorganisasjonar er ein fordel
Viktigast er likevel god leiing, sterk gjennomføringskraft og resultat skapt saman med andre
Vi tilbyr
Ei sentral leiarrolle i utviklinga av ein av Noregs mest kjende reiselivsdestinasjonar
Moglegheit til å påverke utviklinga av ein heil region, med mål om auka heilårsturisme og lokal verdiskaping
Ei variert rolle i skjeringspunktet mellom reiseliv, næringsutvikling, marknadsføring og samfunnsutvikling
Eit sterkt nettverk av reiselivsbedrifter, kommunar og samarbeidspartnarar
Konkurransedyktige vilkår
Vil du vere med og forme framtida til Sognefjorden?
Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Ferdigheter
- Forretningsutvikling
- Internasjonal markedsføring
- Norsk
- Økonomistyring
- Reiselivsledelse
- Strategisk ledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Visit Sognefjord AS er destinasjonsselskapet for Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal og Aurland, sju kommunar med éin felles ambisjon.
Selskapet er sals-, marknadsførings-, utviklings- og kompetansemotoren for reiselivet i regionen, og skal bidra til berekraftig vekst, auka lokal verdiskaping og fleire heilårsarbeidsplassar.
Regionen er merka som berekraftig reisemål og jobbar langsiktig for å ta vare på naturmangfald, kulturarv og levande lokalsamfunn.
- Sted: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Bransje: Markedsføring og annonsering, Organisasjoner, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
reiseliv, leiing, strategi, økonomi, daglig leiar
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 477160916
- Sist endret:
- Org.nr.: 911713675Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

